Set meistringskjensla høgt

Mestringsgården i Nesbø i Svelgen byr på utfordrande klatreløyper for dei som tek turen. Mestringsgården Klatrepark opna i 2015 og tilbyr no to løyper med ulik vanskegrad på elementa mellom trea. Målet er å gi utfordringar som gir meistringskjensle. Besøket i klatreparken spenner frå 3 til 68 år, og Linda Leirvik fortel at løypene er for alle, men at det kanskje er mest barn og ungdom som vil finne løypene utfordrande. Det er ikkje faste opningstider i sommarferien, men Leirvik ber ein følgje med på Facebook eller ta kontakt om ein ønskjer å nytte klatreparken.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.