– Som vanleg blir det ein innhaldsrik og variert haust i regionen si storstove, heiter det i ei pressemelding.

Opnar med teater og opera

To teaterframsyningar sparkar i gang hausten i operahuset. 30. august kjem Maj Britt Andersen og co med ei splitter ny framsyning av Pulverheksa og venene hennar, og 7. september blir Agnes Ravatn sin roman Fugletribunalet vist av Sogn og Fjordane teater.

Mange har håpt at Nordic Tenors skulle kome tilbake til Nordfjordeid, og det gjer dei onsdag 13. desember. Pressefoto

– Opera Nordfjord slår verkeleg på stortromma i år. 5. oktober er det urpremiere på tingingsverket Sildagapet, ein opera som skildrar det yrande folkelivet under sildefisket i Måløy på 1950-talet, heiter det i pressemeldinga.

20. oktober inviterer fiolinisten Ragin Wenk-Wolff og pianist Tor Espen Aaspaas til Image in my music, som er eit multimedialt konsertshow.

Linda Eide gjorde i vinter stor suksess med fjernsynsprogrammet Eides språksjov. 3. november tek Linda Eide med seg pianist og humorist Sjur Hjeltnes på besøk.

Fredag 3. november blir det moro med språk når Linda Eide tek med seg pianist og humorist Sjur Hjeltnes på besøk. Pressefoto

Christine Hope gjer stor suksess med Hope, skulder, kne og tå. Onsdag 8. november kjem ho til Nordfjordeid.

Ibsen-klassikaren Gjengangere blir vist av Riksteatret 29. oktober, med mellom andre Lasse Lindtner på scena.

16. november er det Oslo strykekvartett sin tur til å stå på scena i operahuset.

Etterlengta gjestar

– Kari Bremnes har stått på ønskelista lenge. Ho er ein av dei fremste låtskrivarane og songarane i landet, og ein formidabel liveartist, skriv Operahuset Nordfjord, som får besøk 10. november.

Operahuset inviterer til konsert med Kari Bremnes.

Dei som skal sørge for julestemning i storstova er Ole Edvard Antonsen, som har med seg Didrik Solli-Tangen, Stine Hole Ulla og band. I tillegg skal Sølvguttene, Nordic Tenors og MGP junior juleturné alle sette publikummarane i den rette stemninga før jul.

Før jul blir det også høve til å få med seg Bjørn Eidsvåg si framsyning Etterlyst: Jesus.

7. og 8. desember i Operahuset Nordfjord er einaste sjansane til å oppleve denne framsyninga i fylket.

Bjørn Eidsvåg si framsyning «Etterlyst: Jesus» kan ein sjå 7. og 8. desember. Operahuset Nordfjord er einaste stoppestad i Sogn og Fjordane for Eidsvåg.

Tre arrangement etter nyttår er også lagt ut for sal.

– Publikum kan gle seg til Sigrid Moldestad med band 26. januar, Folk og røvarar i Kardemomme by 14. februar og Ingrid Bjørnov med det nye soloshowet Steinway to Heaven 6. mars.