– Det er altfor patetisk om eg skal bli ein gammal skrullete mann som ikkje har peiling på om eg har blitt ei sinke i bandet. Men dei har lova å seie ifrå om det, og eg har ikkje høyrt noko endå, fortel banjospelar Einar Aarø med eit bredt glis frå kjøkkenstolen heime på Hosle i Bærum.

Starta på Slagnes

Vi må til Vanylven og den vesle bygda Slagnes for å finne den musikalske starten. Ein høyrer ofte at musikken kjem gjennom familien. Men ikkje i Aarø sitt tilfelle.

– Eg må vere forbytt på eit tidspunkt. For det er ingen musikk eller kunst å spore hjå dei andre i familien, seier han.

Veggane i leilegheita på Hosle i Bærum er prega av både den tidlegare partnaren Christian Backer-Owe og eigen kunst.

I tillegg til musikken er Aarø biletkunstnar, noko han også tok utdanning som på 60-talet på Kunsthåndverksskolen i Bergen og hjå Jean Clerte i Paris. Han har også studert pedagogikk, og undervist i kunst i Ålesund. På Slagnes blei han fødd i same huset som Inger Hagerup vaks opp i litt tidlegare.

– Det blir sjølvsagt altfor sjeldan at eg tek turen, men eg har planar om å pendle litt meir no. Eg har eit hus der, fortel han.

No er det også planar om å flytte kunstproduksjonen oppover.

– Eg har hatt ei trykkepresse eg har laga bileta mine i som eg ikkje får plass til her. Den har eg sendt oppover til Slagnes, slik at eg kan produsere litt biletkunst der i ei gamal sjøbud, kan han fortelje.

Kunstuttrykk

Den kreative mannen vekslar mellom to kunstuttrykk – gjennom bileta og gjennom musikken.

Ytre Suløens Jass-ensemble er norsk kulturhistorie i seg sjølv – gjennom 40 år med plateutgjevingar og internasjonale reisemål. Dei har samarbeida med den amerikanske skodespelaren Earle «Bestefar Cosby» Hyman, Karin Krog, Jan Werner, Elg, Nils Ole Oftebro og SKRUK.

– Det var veldig populært med denne musikken då vi starta opp, og vi slo raskt an, fortel han.

Allereie året etter at bandet blei grunnlagt gjekk turen til Molde Jazz, og to år seinare, i 1976, slo dei til i tradisjonsjazzen si høgborg New Orleans. Seinare har dei vore i både Ottawa og Montreal i Canada, Tanzania i Afrika og New Delhi i India, for å nemne dei mest eksotiske måla. Europa har også vore flittig besøkt, og seinast i februar i år turnerte dei gjennom store delar av Spania.

– New Orleans-jazzen har alltid vore mitt hjarte nærast, fortel han.

Bak f.v.: Morten Gunnar Larsen, Kristoffer Tokle, Lars Frank, David Gald, Andreas Rotevatn, Sturla Hauge Nilsen, Tricia Boutté og Einar.

Han er den einaste originalmedlemmen igjen i bandet.

– No spelar eg i lag med 20- og 30-åringar. Det er ein veldig fin gjeng og ei fin stemning i bandet no. Det er terapi for meg å framleis få vere der, seier han om besetninga som blant anna tel Andreas Rotevatn frå Nordfjordeid på trombone.

Still going strong

Som 79-åring kan ein trygt seie at Einar Aarø er ein godt vaksen musikar, og det å vere reisande musikant er noko som aldri sluttar å gje.

– Eg øver meg på å bli gammal, men eg har ikkje fått det heilt til endå, seier han.

På heimebane er han åleine. Partnaren hans gjennom mange år, Christian Backer-Owe som også var biletkunstnar, gjekk bort i 2015. Aarø laga songen Dirge for Christian som er på plata til Ytre Suløens Jass-Ensemble som kom ut i fjor.

– Det er ikkje snautt å bli åleine. Det er noko vi eldre må igjennom, men det er når vi blir eldre vi treng nokon å vere i lag med, seier han med vemod i stemma.

Sjølv er han i god form, sjølv om han hadde ei skrekkoppleving for nokre år tilbake.

– Eg hadde eit hjerneslag for nokre år sidan, men det snakkar vi ikkje om. Det har gått heilt fint. Eg var tre-fire dagar på sjukehuset, så var eg «fit for fight» igjen, seier tøffingen.