Namn: Kai Nave

Alder: 61 år

Adresse: Nave på Bryggja

Sivilstatus: sambuar

Yrke: oljearbeidar

Hobby: jakt og bikkjer

Aktuell med: driv Nordfjordhjort, som denne veka startar med søndagsope gard

– Det er spennande tider på garden?

– Ja, no har hjortekalvinga nett starta. Vi har fått ti kalvar til no, og så ventar vi på fire lamahopper. Men dei veit ikkje vi enno når kjem, for slasken av ein lamafar vil ikkje sei noko. Det er umogleg å sjå når dei er drektige og når dei skal føde, så dette blir spennande. I tillegg har vi hatt to hundar, av rasen Basset Artesien Normand og Norsk Svart Elghund, som nettopp har hatt kull. Det har vore full action her i mange veker no.

– Så har det også vore litt dramatikk, høyrer eg?

– Ja, vi såg at den eine hjorten ikkje var heilt i form. Det såg ut som ho hadde rier, men ingenting skjedde. Til slutt måtte vi fange ho med lasso og få tak i ein dyrlege frå Eid, som er utruleg dyktig. Vi klarte til slutt å få ut kalven. Den levde, men mora ville ikkje ha den. Vi har kalla kalven for Runa, etter dyrlegen. Den blir no flaska og er i fjøset. Det går bra med den no, men vi veit ikkje korleis det blir å sende den til dei andre hjortane etter kvart.

– Kva andre dyr har de på garden, då?

– Vi har geiter og to ponniar. Så har vi også to esel, som vi driv datingservice på. Så hingsten har vore på damebesøk fleire stader i landet.

– Og søndag er det altså starten på søndagsopen sesong?

– Ja, då startar vi. Vi har, som i fjor, mating og sosialt samvær med hjortane, lama og dei andre dyra. Elles tar vi også imot grupper, familiar og andre når det skulle passe i veka. Mellom anna har vi hatt fleire grupper på paintball, blåturar og utdrikkingslag. Og nyleg var 50 stykk frå heimehjelpa og dagsenteret i kommunen på besøk. Så her skjer det litt av kvart. Vi har fått bygd ei grillhytte med plass til 30 personar, rett ved sidan av hjortane. Det er blitt ein flott plass der ein kan sitje å sjå på vatnet og hjortane.

– Kor lenge har de drive garden?

– Dette er vel den tredje sesongen vår på besøksdelen, og så har vi vel hatt hjortane i fire år. Vi har aldri angra, for dette er veldig moro. Det er mykje arbeid, men utruleg givande og kjekt. Interessa har også vore, og er enno stor.