Øvingane til det historiske lystspelet, der handlinga er lagt til 17. mai 1895, er godt i gong  og premierløytnant Myklebust gler seg stort til premieren.

Elskhug & Eksis er skrive av Tor Karseth og i år kjem også forfattaren for å sjå spelet, opplyser arrangørane i ei pressemelding.

Norges største barne- og ungdomsteater

Elskhug & Eksis er truleg Norges største utandørs barne- og ungdomsteater, og i år er det rekordmange born som er med i spelet. Dei minste borna er med i det som vert kalla «Paulsonrekka»,  og i år er det meir enn 35 born i den staselege Paulsonrekka.

Historia i Elskhug & Eksis er lagt til ei tid då det skjedde mykje i Norge, og mykje lokalt knytt til eksersisplassen. Historia er folkeleg musikal, sett med den tida sitt ungdomsperspektiv. Unionen med Sverige og tida fram mot frigjeringa i 1905 er ein raud tråd gjennom heile stykket. Ein god del av aktørane i stykket er historiske personar, som hadde funksjonar knytt til Eksersisplassen, eller til ungdomsmiljøet på Nordfjordeid. I tillegg er det også nokre oppdikta personar som er fletta inn i historia. Musikkarrangementa er ved Reid Gilje.

Bryllaup i år også

For fire år sidan vart det skrive inn ekte bryllaup i spelet, og i år blir det eit heilt spesielt bryllaup i spelet. Ein av hovudpersonane i spelet, sjølvaste Sjur Sersjant, som sidan 2005 har vore spelt av Rune Balsnes, skal gifte seg på ekte i spelet laurdag 24. juni.

Og ikkje nok med det. Premierløytnant Myklebust har vikla seg inn notida og i kommunereformen. Han frir i år spesielt til publikum frå Selje. Han har lova at dersom det kjem fleire enn 150 tilskodarar frå Selje kommune så skal han ta barten framfor publikum rett etter forestillinga søndag.

- Folk frå Selje kan gje beskjed ved billettinngangen at dei kjem frå Selje, s eier arrangørane.

Ny kanon

Nytt av året er at rekruttane har fått ei ny kanon. Den har siste dagane vore testa i Stigedalen – på grensa til Sunnmøre, og det blir bra smell når den vert fyrt opp.

-Det er dermed duka for både Elskhug og Eksis på landets første eksersisplass på Nordfjordeid i Jonsokhelga, og arrangørane lovar at det blir både smellkysss og smell frå den nye kanona og ber publikum gjere seg klare for ei kanonbra helg med Elskhug & Eksis, melder arrangørane.

Elskhug & Eksis spelar Jonsokhelga 23., 24. og 25. juni 2017.