– Meininga er at dette skal vere starten på Sogn og Fjordane si eiga ullveke, fortel ho spent.

Dette er den 20. sesongen for Sommarakademiet, og årets tema er «ull er gull». 16. juni startar første kurset, eit av mange kurs for sesongen.

– Ei kjent, internasjonal tekstilkunstnar, Marjolein Dallinga frå Canada, skal ha kurs og jobbe i naturen med kunstløypa, seier Svarstad stolt.

Kunstløypa i Kalvåg blir opna 24. juni med sauebonde og fylkespolitikar Steinar Ness. Då blir det også premiere på «ull er gull». Same dag blir det også konsert med Hanus G. Johansen og aktivitetar for barn og vaksne.

– Då er det berre å kome og delta, oppmodar ho.

19.–24. juni er det også demonstrasjonar og «fåredrag».

Svarstad fortel at det kjem folk frå Canada, Finland, Danmark, Irland, Skottland og Norge for å bidra til årets utgåve av Sommarakademiet.