Det mest givande i løpet av dei 14 åra ho har drive fyret, er menneska ho har møtt.

– Menneska som kjem tuslande opp denne grinda frå inn- og utland, for å overnatte på eit fyr, eller berre for å ta ein kaffi og ei svele. Når folk skriv i gjesteboka eller seier «her var det godt å vere» føler eg at det har lukkast, seier ho og forklarar at ho ønskjer at fyret skal vere eit lyspunkt.

Laurdag 17. juni startar sesongen på fyret, som frå då blir ope kvar dag til og med 13. august. På programmet står open fyrkafé, bildeutstilling og sporløp for heile familien.

– Og vi har hyggelege ting å gjere inne om vêret blir skuffande, seier ho og legg til at ho har eit koseleg fyrteam klart.