– I samband med tiårsjubileet har vi laga eit show vi skal turnere heile Norge med. Til Måløy tar vi med oss konsertversjonen fordi det er vanskeleg å lage teaterversjonen med akrobatar og turnarar på ei utandørsscene. Det blir meir konsert enn show når vi går på scena i teltet. Men det vi ikkje får gjort i form av show, det tar vi att med eit menneskeleg fyrverkeri, seier Nilsen.

– Det blir både kjende og kjære Queen-songar, og noko litt meir obskurt. Det er ikkje så mange som gjer desse låtane live. Det som er herleg med konsertversjonen er at ein står friare enn i teateret. Det blir lettare å kommunisere med publikum og det blir meir i rocken si ånd.

Har realisert draumen

Etter ti år på vegen med ulike Queen-show skulle ein tru at rockaren hadde kome seg gjennom repertoaret til det kjende rockebandet.

– Med det nye showet har vi vore gjennom 78 av Queen sine største hits, men det er mykje vi har måtte kutta. Dei har alt frå dei sartaste vakre balladar, til pompøs rock, klassisk musikk og poplåtar, seier han, og legg til at det var Queen som stod høgst på lista hans då han bestemte seg for å realisere draumen om eit eige Queen-show.

Sidan 2007 har Nilsen og bandet spelt Queen-musikken for nærare 500.000 publikummarar landet over.

Gler seg til gjensyn

Også Måløy-publikummet har tidlegare fått sett kva rockeentusiasten har å by på. I 2015 besøkte Nilsen Måløydagene, og artisten har gode minne frå den førre besøket.

– Det har vore stille og roleg frå denne kanten, men no er vi klar til å «let the music do the talking» igjen.