Innhaldsrikt kulturhus

Kulturhuset Heimen er eit fleirbrukshus og sosial møteplass på Hauge i Bremanger, og byr på fleire utstillingar. I Galleri Dorothea er det skulpturutstilling av Aase Botnmark og utstillinga «Grafiske variasjonar», ei kollektivutstilling med bilde i ulike grafiske teknikkar knytt til kurs i foto og grafikk som skal haldast i juli.

Faste utstillingar inkluderer kulturminneutstillinga «Minne om Maria» om ti kvinner fødde i Bremanger på 1800-talet, Rylandspynten «Huldresølv» frå Bremanger og «Å vere i verda», eit scenografiprosjekt til teateroppsettinga «Der båra bryt».

I Losjen kan ein sjå kortfilmen Heimen, ein film om fråhaldsrørsla sin framvekst og betydninga i bygdenorge som førte til bygginga av losjehuset «Heimen».  I kafé Aletta kan ein setje seg ned med noko å bite i, i tillegg til å finne handlaga produkt frå distriktet.

Ein kan ta kontakt for omvisning.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.