(Foto: Jo Carlson)

Foto: Jo Carlson

Havsalt sommar:

Ta turen til unik øyperle

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Unik øyperle 

Silda er ei sommarperle av ei øy som er ein populær utfartsstad for lokale og turistar. For å komme til den bilfrie øya kan ein ta i bruk eigen båt eller rutebåten Øyglimt. Øya har fine turmoglegheiter, til dømes kan ein gå øya rundt – ein tur på cirka 1,5 kilometer. Undervegs kan ein gjere ein avstikkar til Djupevågen, som er ein flott plass for stongfiske.

Elles kan ein besøke den gamle saltebuda, Skjærbuda. Frå hovudkaia er det merka stiar. Grendahuset, den gamle skulen på øya, ligg i hamneområdet og gir moglegheit til å ta seg ein dusj og få vaska klede mot betaling.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå