– Vi ligg i folkrock-sjangeren med ordentleg rock and roll. Det blir heilt klart mykje liv. Mange av låtane har allsongfaktor, og det er låtar som folk kjenner att. Desto fleire som dansar på bordet, jo artigare, seier Jo Guttu, i bandet.

Likar publikum i vest

Guttu starta bandet for 11 år sidan. Tanken bak konseptet var at viss det var nokon som kunne tenke seg å spele folkrock utan å øve, så hadde han ei setliste og eit show.

I løpet av The Irish Vikings si historie har dei også vitja Måløy blant anna under Cruise in Company i 2015.

– Måløy er nydeleg og vi elskar Vestlandet. Folk på denne kanten av landet er eit artig publikum. Vi gler oss til å kome tilbake, fortel Guttu.

– Denne musikken famnar jo alt og alle, frå 18 til 80. Eg trur gjenkjenningsfaktoren er viktig. I tillegg er den irske folkrocken ganske lik den norske om ein ser på melodilinene, forklarar bassisten.

Stiller i kilt

Ein annan suksessfaktor for The Irish Vikings har vist seg å vere klesdrakta som dei ber på kvar einaste konsert.

Og Måløy-publikummet skal få sjå mykje til kiltane denne helga. I tillegg til å spele både i teltet på dag- og kveldstid, skal bandmedlemmane vere med å skape liv i opptoget.