Fleire la nok merke til seglskutene på hamna i Måløy tidlegare i veka. Dette var sjøspeiderskuter på veg til landsleiren som skal vere i Bodø 1.- 8.juli.

– Det brukar å vere slik at dersom leiren ligg i tilknytning til sjø, så brukar ein å ha armada. Sist gong var i 2013, då landsleiren var i Stavanger, seier Mats Brunsvik, leiar i Speidergruppa i Måløy.

– Vi var ikkje så mange, for mange er vekkreist på ferie. Men vi var ned og helse på, og fekk vere med på ein liten tur, seier Brunsvik.

Speidergruppa i Måløy reiser også til landsleiren.

– Det er fem speidarar og tre leiarar som reiser. Det blir veldig kjekt og eit motivasjonsboost for speidarane å reise. Det blir motivasjon til å fortsetje å delta i aktivt i aktivitetar. Ein møter masse nye folk og det er spanande, seier speiderleiaren.

Speidergruppa i Måløy tel tolv medlemmar, og håpet er å rekruttere fleire nye medlemmar og leiarar til hausten.