– Eg har lyst å begynne på damelaget til Tornado Måløy, seier Emilie C. Holvik (10).

– Eg har også lyst å begynne på damelaget, seier Christine Nore (9).

Dei to var nokre av dei 82 barna som denne veka har delteke på TINE fotballskule i regi av Tornado Måløy der 46 av deltakarane var jenter.

– Det brukar vanlegvis vere fleire gutar på fotballskulen, legg ho til.

Les meir om «Likestilt» her.

Televik Blaalid peikar vidare på at Tornado Måløy også har hatt fleire kvinnelege instruktørar på Måøy stadion denne veka.

– I år har vi fått med instruktørar som er jenter til absolutt alle jentegruppene. I fjor var vi maks tre, og no er vi fem, pluss meg. Eg trur jentene kan sjå opp til dei eldre spelarane og bli motiverte.

Det var også rekordpåmelding til den første av to fotballskular i Tornado Måløy i 2017.

Televik Blaalid fortel at TMFK har fleire jentespelarar og også er bevisste på å rekruttere jenter.

– I alle fall etter at vi fekk damelag (2015) så har vi blitt flinkare. Vi ser jo ein tydeleg vekst, og så har jentene noko å sjå fram til. Det er faktisk noko som ventar dei, dei har moglegheita når dei blir eldre, om dei har lyst, seier Televik Blaalid og fortset:

– Det var ikkje slik då eg var yngre. Om eg skulle spele damefotball måtte eg til Eid eller Bremanger.

– Om vi skal fortsetje med damelaget, så treng vi jo at dei yngre kjem opp. No har vi ganske mange unge spelarar, så det ser jo veldig positivt ut.

TINE fotballskule blir arrangert i Eid 14.–16. august, Selje 1.–2. september og i Måløy igjen i haustferien.