– Vi startar stemminga denne helga. Publikumsstemmene vil vere 50 prosent, og så har vi ein fagjury som står for dei andre 50 prosenta, forklarar Nils Myklebust i festivalen.

Det blir høve til å stemme på sin favorittplakat heilt fram til fredag 4. august. Vinnaren, som får ein flott premie, blir kåra søndag 6. august under Måløy Havfiskefestival.

På biblioteket heng det no 11 plakatar med oversikt over blant anna kva lyren, torsken, pigghåen og silda betyr for Norge.

Bakgrunnen for utstillinga var at i mars var Myklebust rundt på Holvik, Skram, Raudeberg, Skavøypoll og Bryggja skular for å fortelje om ulike fiskeslag, samt gi kvar klasse ein fiskesort som dei fekk i oppgåve å lære meir om.

Resultatet har blitt plakatar med bilde, informasjon, oppskrifter og teikningar som no heng på Vågsøy folkebibliotek.

– Førsteinntrykket er veldig bra. Elevane har vore flinke, så folk må kome innom å sjå, slår Myklebust fast.