– Eg berre lo av det. Men mange var på meg, og sa eg var blitt så gamal at no måtte eg skrive ned kva eg har vore med på her i livet, ler han.

Og slik gjekk det. No er boka her, Minner heiter den, ferdig og trykt.

– Det har vore krevjande, eit år med intenst arbeid. Eg har vore til lensmannen, til presten og på skular for å finne rette opplysningar. Eg ville at alt eg skreiv skulle vere heilt riktig, så det måtte litt detektivarbeid til for å sjekke alt, fortel han.

I boka fortel han alt frå om oppveksten i krigsåra og ungdomsfanteri til forlis.

– Eg er spent på tilbakemeldingane! Men eg har gjort mitt, no får vi sjå korleis det går.

Laurdag vil Odd Oldeide sitte på Notabene og signere boka.