– Eg vart veldig glad då Måløydagene spurte om eg ville vere med på auksjonen, for då får vi eit mykje større publikum. Vi driv med auksjonar gjennom året, men då er det ofte få personar. Men på Måløydagene, då er her mange, så då blir vi veldig glad for å ha blitt spurt, seier Turid Breidalen, som driv loppemarknaden som er på flyttefot frå Firda Canning i Måløy til Raudeberg.

Villige butikkar

Vareauksjonen har etter kvart blitt tradisjon, og i år blir auksjonen ein kombinasjon av nye varer, som butikkane har donert og lopper.

Han har samla inn varer frå butikkane, og Hagen fortel at dette har vore ein takknemleg jobb.

– Butikkane har vore veldig villige til å stille med ting. Av nye varer blir det litt forskjellig. Vi har blant anna fått inn ein koffert, ein varmtvasstank, måling, eit hooverboard, solbriller og ulike gåvepakningar, forklarar han, og legg til:

Variert utval

Også innanfor kategorien lopper er det mykje forskjellig å by på.

Breidalen tar også med seg ei Höganäs krukke, eit spiserisett som er gammal Egersund, ei tiurlampe, bestikksett i teak frå Helle fabrikker, ein oppbevaringsboks og ei messingkanne. I tillegg har ho også to gyngestolar. Ein frå 50-talet og ein amerikansk ein.

– Også kan det hende det blir eit par ting til, smiler Breidalen.

Pengane frå vareauksjonen går til festivalen, medan pengane frå loppeauksjonen går til Sogn og Fjordane Parkinsonforening.