- Eg trudde eg berre skulle hit for å framføre ein sang, og hadde ikkje i mine villaste draumar tenkt at eg skulle vinne ildsjelprisen, seier den unge prisvinnaren.

Ho hadde tidlegare framført songen "Fix you" av Coldplay til stor jubel frå publikum. Og jubelen blei ikkje mindre då ho entra scena for andre gong for å motta ildsjeldiplom og ei statue av Sildeguten.

- Det er veldig fint å få denne prisen, og eg er veldig glad for at så mange har valt å støtte innsamlingsaksjonen eg starta for ALS-forskning, seier Linea, og oppfordra også follk til å vippse under arrangementet i teltet.

- Vi har fått inn 541.000 så langt, men kontoen er framleis open, og om du ikkje har vipps så kan eg kontonummeret i hovudet, smiler ho.

Les meir om innsatsen Linea har lagnt ned for ALS her.

Her framfører Linea låta "Fix you" heilt uvitande om at ho like etter skulle få tildelt prisen for årets ildsjel. Foto: Benedikte Flataker

Det var varaordførar Nils Myklebust som delte ut prisen, og både han og juryen la Linea sin hjertevarme og medmenneskelegheit til grunn for at ho fortente å vere den som fekk tildelt prisen.

- Dette er første gong ildsjelprisen går til nokon som ikkje ein gong har nådd konfirmasjonsalder! Men pågangsmotet til Linea viser at alt er mogleg berre ein ønsker det nok, og jobbar hardt for å få det til, seier Myklebust om 12-åringen.