Det seier Per-Jarle Hoddevik som var ein av tre arrangørar av Sommarfesten som gjekk føre seg i Selje denne helga.

Han vil kalle arrangementet ein stor suksess, trass i at vêret ikkje heilt spelte på lag.

– Vi hadde eit stort telt på Nabben som redda oss litt frå regnet. Der selde vi både grillmat og andre kioskvarer. Framover ser vi for oss eit samarbeid med Selje Challenge, det trur eg kan vere positivt både for oss og dei, med tanke på at det då med ein gong vert eit mykje større arrangement med fleire besøkande, seier Hoddevik. Han legg til at den dialogen ikkje er oppretta riktig enda, men at dei vil få til det så snart evalueringa av arrangementet i helga er over.

Mange lokale dugnadsheltar

Det var lagt opp til ei rekke aktivitetar utandørs i løpet av sommarfesten, blant anna kajakk og SUP-board.

Hoddevik fortel at vêret nok la ein dempar på deltakinga der, men at det var greitt å ha tilbodet likevel.

Elles så køyrde Klosterbåten gratis turar gjennom laurdagen, og det var minikonsert i teltet med dei to lokale artistane Maria Vengen og Bjørn Inge Berge. Hoddevik fortel at over 100 stykk fekk med seg denne konserten, noko som var over all forventning.

– Vi fekk generelt berre gode tilbakemeldingar frå folk som synest det var kjekt at det skjedde noko i bygda igjen, eg trur ein slik dag har vore etterlengta ei stund no, spesielt utedansen.

Det var Vassverkgutane frå Flatraket som spelte opp til dans i teltet på Nabben.

– Vi lurte lenge på om vi skulle flytte dansen inn i Samfunnshuset, men kom fram til at det blei best å ha den ute. Det var kjempestemning heile kvelden og vi hadde rundt 260 betalande som verka å storkosa seg.

Hoddevik understrekar at ein slik sommarfest ikkje hadde vore mogleg å få til utan ein enorm dugnadsinnsats frå lokale eldsjeler.

– Spesielt A-laget og gutelaget gjorde ein fantastisk innsats både med opprigg og nedrigg av teltet. I tillegg stilte dei, og veldig mange andre opp for å hjelpe til både ved grillen og i kiosken. Vi har heldigvis mange ivrige og hjelpsame sjeler her i Selje, og det set vi veldig stor pris på når vi skal arrangere slike ting, avsluttar Hoddevik.