Ramadan er etter den islamske kalender den niande månaden og betyr «faste» på arabisk. I Norge, der den lysaste tida er nettopp under ramadan, rundt jonsoktider, brukar ein i staden klokka for å få i seg føde. Søndag feira alle muslimane at fasta er over og i Svelgen var det overdådig gjestebord i storsalen på Samfunnshuset med kaker, middag og dessert.

– Dette er julafta for oss, fortel Abdulkaadir Abdullaahi (17), som var dresskledd og flott i høve festen.

Vi må spørje korleis ein gratulerer muslimane under festen.

 – Skal vi seie «gratulerer med dagen»?

 – Nei, det er ikkje nasjonaldagen vår, ler han og seier det er vanleg med «God id».

Han pendlar til vidaregåande skule i Florø og har fasta slik alle vaksne friske muslimar gjer.

Bortsett frå under eksamen. Då måtte eg ete for å ha skikkelig energi, fortel han.

Fasta er på sett og vis frivillig. Barn, gravide, ammande, sjuke og eldre fastar ikkje og dersom ein hoppar over ein fastedag av grunnar, som for eksempel eksamen, kan ein med godt samvit ta igjen dagen seinare.

Fasta vert gjennomført for å vise styrke overfor profeten Mohammed. Han fekk etter islamsk tru den første openberringa dei ti siste dagane av månaden ramadan.

Id-al-fitr, også kalla eid, tyder «festen for brotet» og vert feira likt over heile verda med bøn, gjestebod og ofte nye klede. Det er også ei tid for tilgjeving og knyting av nye venskap og ivaretaking av slektskap.