Namn: Ane Malene Søvik Nygård

Alder: 33 år

Bustad: Rasmusgarden i Saurdalen i Syvde

Sivilstand: sambuar og 2+1 barn

Yrke: rådgjevar i Vanylven kommune

– Kva planar har du for sommaren?

– Prøvar å halde tritt med behandlingsplanen til dottera mi på ni år som fekk påvist leukemi i mars. Kvardagen har vore prega av cellegift og biverknadar, samtidig som livet skal vere litt normalt og. Det positive er at det er lyst og fint. Sommarfilter er fint.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Ein tilfeldig sommardag heime, eller i feriehuset på Sandsøya, då vêret var slik som vi alltid har ei forventning av at sommaren skal vere.

– Kvar går draumeferien?

– Når ein bur på gard skjer det for mykje på denne tida til at ein bør bruke energi på å ønske seg andre stadar. Å finne ro og trivsel heime er viktig. Men når vi er ferdige med dette sjukdomsstyret har eg lova Gretha ei romsleg helg på Alexandra i Loen. Det er langt nok når ein har såpass mange reiser som vi har no.

– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?

– Nei. Regn og grått vêr er ei fin anledning til å få ordna litt inne med godt samvit. Å klage over vêret er bortkasta energi.

– Kvar likar du best å bade?

– Badar ikkje, men kan finne på å vasse om høve byr seg. Men Sandviksanden på Hakallestranda er veldig fin! Luksus med nærleik til Hakalle Strandhus og Hakallegarden.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Gjer eit tappert forsøk på å halde ymse vekstar i live. Med varierande hell.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Er nok ikkje ein av dei som trakkar mest ivrig i fjellet. Men Bjørnen - rett ovanfor Saurdalen, med utsikt over nærmast heile kommunen, der er det fint.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Å vere med å arrangere Vanylvsråkk dei første åra var kjekt.

– Kva anbefalar du å lese på årets ferietur?

– Assorterte magasin. Lettlest underhaldning.

– Kven fortener ei korg jordbær?

– Helsevesenet, barneavdelingane i Ålesund og Trondheim. For omsorg, tålmod og tryggleik.