15. juli blir Korsadagen arrangert, ein lang tradisjon på Stadt. Denne dagen kjem mellom anna plateaktuelle Good Time Charlie med blues og soul for store og små. Det blir utandørs familiekonsert med jubelblues på dagtid og kveldskonsert i samfunnshuset, fortel arrangørane.

Det er ikkje berre Korsadagen som står på programmet på Stadt i tida framover. Det er nemleg duka for ei heil veke med aktivitetar for store og små.

Og 13. juli byr Stadt Naturguiding med Grete S. Fure på eit spennande program.

Ho inviterer til ein fjøretur i det spektakulære kystlandskapet. Deltakarane samlar inn naturmateriale, som blir til ein draumefager under rettleiing av Rita frå Natur til Inspirasjon.