Anna (t.v.) og Vilde er i kveld å sjå på Allsang på grensen. Foto: Marianne S. Rotihaug

Anna (t.v.) og Vilde er i kveld å sjå på Allsang på grensen. Foto: Marianne S. Rotihaug

I kveld kan du sjå dei synge på TV

Vilde og Anna, kjent frå MGP-jr, blir i kveld å sjå på Allsang på grensen.

– Eg har sett på programmet kvart år, og tenkt at eg har så lyst til å vere der sjølv. Eg har vore på festninga tidlegare, men då var det ikkje konsert der, fortel Vilde Hjelle, til Fjordabladet.


På det TV2-sende programmet skal MGP-jr. vinnarane synge. Det skal også Freddy Kalas, som også er gjesteprogramleiar, Benny Borg, Åge Sten Nilsen og Admiral P.

– Det ser så morosamt ut når det er så mange som syng, og veldig kjekt for oss å få lov til å vere med, seier Anna Naustdal til avisa.

Neste laurdag står dei to venane på scena under Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå