– Det er ei sommarplate. Dur og moll heiter den. Nokre av songane er rykande ferske, skrive på nattbussen eller fly til og frå Oslo når eg skulle spele inn songane mine, så har eg blitt så inspirert og plutseleg laga ein ny song, smiler Sølvi Hopland.

Ho har tidlegare gjett ut fem soloplater, ein singel og to samleplater.

På platesleppet har ho med brørne sine, som spelar i Coldwater groovekompani, og Bjørn Inge Berge.

– Eg har med ukulele og gitaren.  Så fortset vi etterpå med jamming og langope på Ulvesund fyr, og så ser om eg får nokon musikarar til å henge seg med. Det hadde vi også i fjor, og det var veldig kjekt, seier ho.