For den verdskjende artisten fra Fana er Nordfjord på ingen måte ukjent. Bergenseren har nemleg slekt i Deknepollen i Vågsøy kommune.

– Eg har litt familie på mi mor si side der, ja. Har vore der to-tre gongar. Det er fantastisk fint der, seier Walker til Fjordenes Tidende.

Men det blir nok dessverre ikkje tid til å helse på slektningar når 19-åringen kjem til Nordfjordeid neste helg.

– Eg har ein veldig hektisk kalender i sommar, og har sjeldan tid til overs på dei plassane eg reiser til. Men det hadde absolutt vore artig å kunne få med seg ein og anna konsert når eg fyrst er på Malakoff, seier Walker.

På turné med Bieber og Rihanna

Han har nemleg høyrt gode ord om festivalen på førehand.

– Eg har fått med meg at det er ein festival som har ein variert lineup med mange flinke artistar på plakaten. Og basert på bilete og videoar frå tidlegare år, så ser det også ut til at det er svært god stemning der. Eg gleder meg veldig til å ta turen!, seier han.

– Den følelsen er heilt ubeskriveleg, og kan ikkje samanliknast med noko anna, seier han. Det siste året har han vore mykje ute og reist, mellom anna i lag med Justin Bieber og Rihanna på to gigantiske turnear.

– Eg har vore veldig heldig som har fått lov til å varme opp for både Bieber og Rihanna. Det har vore ei utruleg lærerik oppleving.

Hitparade

På Malakoff kan folk førebu seg på å høyre alle hitlåtane Walker har produsert så langt, inkludert Sing Me To Sleep, Alone, Tired og ikkje minst Faded. Men det blir også andre låtar, ifølgje Walker sjølv.

– Dei kan forvente eit variert DJ-sett med alt frå velkjende låtar frå andre artistar, remiksar og sjølvsagt mine egne singlar, seier artisten, som synast det alltid er ekstra stas å spele konsertar i Norge.

– Eg har jo ikkje hatt anledning til å opptre på altfor mange festivalar her heime, men eg gleder meg stort til denne sommaren, seier 19-åringen.