Byr på nordnorsk kunst

Måløy kunstlag byr i sommar på utstilling med den nasjonalt anerkjende biletkunstnaren Eva Harr i galleriet Den Blå Hesten. Harr kjem frå Harstad og er kjend for landskapsmotiv med nordnorske fjellformasjonar og dunkelt himmellys. Ein kan oppleve bilda hennar i galleriet som opnar for sommaren fredag 23. juni. Under Måløy Havfiskefestival 28. juli - 6. august blir det ope kvar dag i galleriet, med ei rein fotoutstilling av Thomas Bickhardt, i tillegg til fleire lokale fotografar.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.