Vanylven-forfattar Maria Parr kjem heim i august for å lansere si nye bok. Pressefoto: Agnete Brun

Vanylven-forfattar Maria Parr kjem heim i august for å lansere si nye bok. Pressefoto: Agnete Brun

Lanserer bok på Hakallegarden

Maria Parr legg opp til ei eiga boklansering på Hakallegarden i august.

Boka «Keeperen og havet»   vert lansert av Samlaget i Oslo 16. august saman med andre bøker som òg vert lansert denne hausten. Tre dagar seinare legg Parr opp til ein lokal variant av lanseringa på Hakallegarden heime i Vanylven.

- Eg synest det hadde vore kjekt å gjere noko her heime også, og eg vil sjølvsagt lese for ungane og selje boka, fortel Maria Parr til Synste Møre.

Lanseringa av denne boka er ei storhending som mange har sett fram til. Sjølv ville forfattaren bruke den tida ho trong for å bli klar til å skrive meir frå universet ho skapte i debutboka «Vaffelhjarte». «Keeperen og havet« er ei bok om at ting forandrar seg, og korleis ein kan hanskast med det. Hovudpersonane er også blitt nokre år eldre enn første gongen Maria Parr dikta dei inn i verda.

– Den nye boka er ei annleis og sjølvstendig bok om dei same folka, seier Parr i ei pressemelding.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå