Motorsport for små og store

Om ein likar fart og spenning, kan ein besøke motorsportbana på Liset i Kalvåg.  Motorsportgruppa i I.L. Frøy driftar banen og vil halde ope søndagar i partalsveker i sommar. Gruppa legg opp til sosiale aktivitetar og kiosk desse søndagane, og har også utleige av syklar og utstyr.

Gruppa har sidan i fjor utvida bana med fleire løyper, og investert i ny sykkel for dei minste. Det vil også vere moglegheit for treningar på onsdagar for dei som har med sikkerheitsleiar. Motorcrossbana passar for både vaksne og born frå fem år og oppover. Born må vere ifølgje med føresette.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.