- Vi er på dugnad år etter år, og det heile er fantastisk kjekt, fortel Bente Iren Vonheim.

I år har ho fått med seg tolv nye og gamle kokkeelevar, og saman har dei ansvar for å lage mat til artistane under festivalen.

– Det har verkeleg vakse på seg og etter kvart blitt ein storproduksjon, fortel Vonheim som til dagleg driv restauranten Kraftstasjonen i Måløy.

Allsidig og finurleg

Vonheim fortel at det er mykje å ta omsyn til når ein skal lage mat til så mange.

– Etter alle desse åra har vi funne gode rutinar som fungerer, men det er likevel mykje å tenke på, fortel ho.

Ho har hatt med seg tidlegare elev Andreas Foss i prosessen med å utarbeide menyen til artistane.

– Det må vere allsidig, god og gjerne litt finurleg mat. Også må vi sjølvsagt ha noko for ein kvar smak, fortel Foss, som no jobbar som kokk.

Dei to kan røpe at fish and chips, chilli con carne og Måløyburgaren er noko av det som står på årets meny.

– Måløyburgaren blir sakna dersom den ikkje er med, og artistane kjem tilbake og spør etter den, fortel dei.

Nyttig erfaring

Kokkeelevane Truls Hamre og Edvard Gabriel Gorun skal vere med på årets Malakoff-produksjon for første gong. Dei trur det kjem til å bli ei oppleving utanom det vanlege.

– Det å skulle vere rundt store artistar blir veldig spennande. Det gjer i alle fall ingenting å jobbe i ferien når vi har slike oppdrag!, slår dei fast.

Vonheim meiner at denne moglegheita gjer kokkane ei unik erfaring.

– Dei lærer seg planlegging, produksjon og service. Vi må oppføre oss profesjonelt, og har berre lov til å snakke med artistane om mat. I tillegg får elevane dessutan eit breitt nettverk som kan kome godt med seinare, påpeikar ho og får støtte frå Foss som har vore med i fleire år.

Han legg til at dette er ei anledning som også kan gje opplevingar utanom det vanlege og hugsar særleg godt ei episode frå fjorårets rockefestival. Då fekk han nemleg lage middag til rockelegenda Iggy Pop, på hotellrommet hans.

– Iggy Pop hadde vore på fisketur, og då kan kom tilbake lurte han på om vi kunne tilbrede fangsten for han, fortel Foss.

Han seier at det var ganske spesielt å bli med tilbake til rockestjerna sitt hotellrom og lage middag til han der.

Berre positiv respons

Foss ser på episoda med Iggy Pop som ei tilitserklæring til gjengen som jobbar backstage under festivalen.

– I mine auge viser dette berre at artistane er fornøgde med oss og at dei likar maten vi lagar. Vi får mykje skryt kvart år, og eg trur folk set pris på at vi lagar skikkelig, heimelaga mat. Alt er laga frå bunnen av, og dei får ikkje frosenpizza slik som dei kanskje er vande med frå andre stader.

Bente Vonheim legg til at ho og kokkane kvart år siktar mot å lage mat som har preg av kvalitet og lokale råvarer.

– Det at ein berre kan dra på fisketur på fjorden og få fangsten sin tilbredt av oss etterpå er noko som er ikkje vanleg og slett ikkje noko ein kan gjere på alle festivalar.

Vonheim legg til at ho er utruleg takksam for at arrangørane kvart år gjer dei moglegheita til å servere artistane.

Dei trekk fram samhaldet som ein stor motivasjon til å halde fram.

– Eg legg opp ferien etter dette kvart år! Det blir jo ein liten «reunion», smiler Foss.

Vonheim fortel at Malakoff-produksjonen også blir brukt i undervisninga før ferien.

– Oppkøyringa starta for lenge sidan. Konfektkake, dessertar og måløyburgaren er på plass, så vi er i rute allereie, avsluttar Vonheim.