Namn: Christian Gulhaugen

Alder: 44 år

Bustad: Svelgen

Sivilstand: gift

Yrke: bilmekanikar, Svelgen motorsenter

– Kva planar har du for sommaren?

– Eg skal byggje garasje, innom nokre festivalar, og på hyttetur. Den store ferieturen er teken allereie. Var i Las Vegas og Los Angeles i januar.

– Kva er alltid med i kofferten?

– Paracet, solkrem og ei bagasjevekt.

– Når slår feriekjensla inn for fullt?

– Når eg går frå jobb, i dag 14. juli, og skal ha tre veker ferie.

– Kva er ditt beste ferieminne?

– Bilferie til Drammen i ein sliten 65 mod Chevrolet.

– Kvar hadde du reist med uavgrensa feriebudsjett?

– Heilt klart USA.

– Kva kjendis hadde tatt med til ei øde øy?

– Charter-Svein. Då hadde eg hatt underhaldning.

– Kvar ville du tatt med deg sommargjestane dine?

– Måtte ha blitt til hytta ved Dalavatnet.

– Blir du vêrsjuk om regnet høljar ned?

– Eigentleg ikkje. Det er nok å finne på innandørs.

– Kvar lika du best å bade?

– Likar meg best i badestampen.

– Kva gjer du i hagen i sommar?

– Klipper gras, bannar og lagar forskaling til garroen.

– Kva fjelltopp er den finaste om sommaren?

– Veten eller Hornelen.

– Kva er ditt beste festivalminne?

– Malakoff i fjor, år og neste år. Rigge leir og berre rocke i veg.

– Kva anbefalar du å lese på årets ferietur?

– Les ikkje bøker i det heile, men AmCar og CruiserMagazine dug.

– Kva serverar du helst ein sommardag?

– Hamburgar eller krabbe med noko godt å drikke til.

– Kva tenker du om å ta ferie frå sosiale medium?

– Er «Facebook-hore», så det hadde ikkje gått. Er jo heilt idiotisk, men ...

– Kva eldsjel fortenar ei korg med jordbær?

– Robel. Den nye hotelldirektøren på Bremanger Fjord Hotell. Han er heilt rå.