Ifjor måtte ein flytte den tradisjonsrike Korsadagen på Stadlandet innomhus på grunn av dårleg vêr. I år håpar styret at dei skal kunne ha den ute i Korsen igjen.

– Det blir ulike stands, og matsal frå dei nye eigarane til Furebuda, og så kjem det ein bonde med nokre dyr og fleire lokale bedrifter stiller med stand, seier Reksnes.

I tillegg blir det lotteri og sal av rømegraut og kaker.

Barnehagar har fått tilsendt musikk frå bandet slik at musikken er kjend for ungane og kan vere med å synge.

– Vi håpar at dei fekk det ut tidsnok, slik at dei har fått øvd litt, seier ho.

Korsadagen er ein tradisjonsrik dag då mange utflyttarar er heime. Sommaraktive Stadt blir også avslutta laurdag med premieringar.