Frå ei lita hylle i Ulvesund Fyrkafé kan ein ta med seg ei bok å sette att ei anna. Ordninga er eit samarbeid mellom fyrkafeen og Vågsøy Folkebibliotek. Foto: privat

Frå ei lita hylle i Ulvesund Fyrkafé kan ein ta med seg ei bok å sette att ei anna. Ordninga er eit samarbeid mellom fyrkafeen og Vågsøy Folkebibliotek. Foto: privat

Lagar bibilotek på fyret

Ulvesund Fyrkafé og Vågsøy Folkebibliotek har gått saman om å starte eit «Little Free Library» på fyret denne sommaren.

«Little Free Library» er ein verdsomspennande bokbyteordning, der alle som vil kan forsyne seg med ei bok frå bokhyller rundt om i verda ved å sette igjen ei anna bok. Nokre hyller står ute i friluft medan andre står på kafear, hotell eller andre offentlege stadar der folk ferdast. Slagordet til organisasjonen er «Ta med ei bok – legg att ei anna».

Realiserer planen

Vågsøy Folkebibliotek har lenge tenkt på å starte opp slike bokhyller rundt om i Vågsøy, og fyrste stad ut er Ulvesund Fyrkafé.

– Vi tok kontakt med Sølvi Hopland Aemmer her på Ulvesund-fyret fordi vi tenkte at Fyrkafeen var ein fin stad å ha ei slik hylle, og ho tende på ideen med ein gong! Då var det berre å sette i gong, fortel biblioteksjef Tamara Sortland.

Slike bokhyller finn ein over heile verda. Hyllene er registrerte på nettsidene til Little Free Library, så ein kan søkje opp på eit kart om det finnast ei hylle i nærleiken av der ein er. Spesielt for turistar som reiser mykje er dette eit veldig populært tilbod.

– For dei som reiser langt og har avgrensa med bagasjeplass, som til dømes backpackarar eller sykkelturistar, er dette ei gullkanta ordning, då dei slepp å drasse på mange tunge bøker over ein lengre periode. For til trass for at det finnast både e-bøker og lesebrett, set mange pris på å kunne lese i ei papirbok, seier initiativtakarane.

Ikkje berre for turistar

Både Sortland og Aemmer understrekar at tilbodet ikkje berre er for turistar.

– Alle som vil kan nytte seg av Little Free Library-tilbodet, så vi håpar sjølvsagt at mange vågsøyværingar også tek med seg ei bok eller to når dei legg turen innom Fyrkafeen!

Biblioteket ventar no på at registreringa skal bli godkjent på nettsidene, og dette kan ta litt tid. Ein vil difor ikkje finne Ulvesund Fyrkafé på oversiktskartet med ein gong. Men biblioteket har fylt opp hylla med bøker både for born og vaksne, så alt er klart for at bokbytinga kan starte.

– Vi skal vere aktive på Facebook og andre sosiale media no i starten, så vi satsar på at jungeltelegrafen jobbar for oss fram til registreringa går i orden, seier Sortland.

Bokhylla blir ståande gjennom heile sommaren, til Fyrkafeen stenger for sesongen i midten av august.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå