Norvall Klungresæter (f.v.), Nina Grotle, Roger Igland og Hilde Hauge er klare for ei musikalsk helg i Bremanger. Mary Jane Varpe var ikkje til stades då bildet blei tatt. Foto: privat

Norvall Klungresæter (f.v.), Nina Grotle, Roger Igland og Hilde Hauge er klare for ei musikalsk helg i Bremanger. Mary Jane Varpe var ikkje til stades då bildet blei tatt. Foto: privat

Lovar musikk for ein kvar smak

– Eg trur at ein kan stole på at det blir noko for ein kvar smak, og at det som blir levert på scena er av kvalitet, seier Hilde Hauge.

Ho er leiar i Opplev Bremanger som denne helga arrangerer Bremanger Rockweekend. Helga starta allereie torsdag med tradisjonsrik jam.

– Det er ein «gathering» som set standarden for resten av helga, seier Hauge.

Fredag og laurdag kveld blir det klubbkonsertar med Sol Heilo og Silo, TOBB og Grøftekarane.

Laurdag på dagtid blir det familiekonsert med soloartistar, Vokalensemble og elevar frå kulturskulen.

Rockweekend lokkar framleis folk heim etter 30 år

– Bremanger Rockweekend er ein magnet for utflytta bremangarar. Alle skal heim, smiler Roger Igland i styret for festivalen som i år kan skilte med 30 år sidan oppstarten i 1987.

– Det blir eit variert program for heile familien. Vi ønskjer at ungdomen skal få vise seg fram, få trening og inspirasjon til å fortsetje med musikk.

Søndag står Kari Bremnes på scena i Bremangerhallen.

– Eg trur ikkje at ho har spelt i fylket før. Vi har lagt opp til at det skal korrespondere med ferje, og billettsalet er begynt å ta seg opp. Kari Bremnes veit eg at vi sel bra på, seier Hauge, som håpar mange finn vegen til Rockweekend.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå