Charlotte Førde Skomsøy frå Bremanger held fotokunstutstilling saman med Malene Kristopine Økland i Bremanger i helga. Temaet for utstillinga er kropp og identitet. Foto: Maren Ekra Frøhaug

Charlotte Førde Skomsøy frå Bremanger held fotokunstutstilling saman med Malene Kristopine Økland i Bremanger i helga. Temaet for utstillinga er kropp og identitet. Foto: Maren Ekra Frøhaug

Tenåring klar med eiga utstilling

Namn: Charlotte Førde Skomsøy

Alder: 19

Adresse: Trondheim, men kjem frå Bremanger

Sivilstatus: singel

Yrke: student på Norsk fotofagskule i Trondheim, i tillegg frilansjournalist.

Hobby: alt kunstnarisk; måling, lyrikk og foto.

Aktuell med: fotokunstutstillinga «VATN» som ein kan få med seg frå fredag til søndag i Førs fysioterapi på Hauge i Bremanger.

– Korleis blei denne utstillinga til?

– Eg akkurat ferdig i første klasse på fotofagskulen og avslutningsoppgåva vår var ei bok om kropp og identitet. Vi har vore gjennom mange tema, som reklame og kunst, og dette var kunstoppgåva vår. Dette temaet synest eg var veldig interessant. Kropp og identitet er noko eg er interessert i. Så kom ho eine i klassa til meg og fortalde at ho skulle ha ei utstilling i Haugesund, og ville ha meg med. Og så tenkte vi at vi måtte ha utstillinga også på min heimplass.

– Fortel om utstillinga.

– Vi har kvar vår serie der vi tolkar temaet fritt, og så har vi valt ut nokre bilde på kvar som vi har blitt einige om å stille ut. Eg har lyst å stile ut, det er kjekt å få erfaringa og ha gjort det. Spesielt her, for å vise at ein kan gjere noko sånt her heime. Det meste som skjer her er musikk. Vi er flinke på kultur i kommunen, men det er interessant å gjere andre ting, meir visuelle ting.


– Kva skjer på vernissagen fredag?

– Vi skal ha eit band som spelar i starten, Preple, der to er frå Bremanger og ein er frå Selje. Dei har spelt på hobbybasis nokre år i lag. Og så har vi planar om å vise film på prosjektor. Det blir både film, musikk og foto, og så det er foto som får mest fokus.


– Er du ofte heime i Bremanger?

– Eg brukar å vere heime i feriane, og då tek eg litt oppdrag som frilansfotograf og har mykje på planen.


– Skal du på Bremanger Rockweekend?

– Det er litt usikkert. Skal kanskje innom laurdagen. Eg skal feire litt at utstillinga er komen. Så vi har vernissagen fredag, og så er det ope laurdag og søndag inn i mellom Rockweekend. Så då kan ein kome innom og gjere begge deler.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå