– Vi sette ut småbord til 90 personar, i tillegg til parkbenkane, men alt var fullt kvart over 12. Det er mange som seier at det er lenge sidan det var så mykje folk på Korsadagen, seier Marita Sundal Ervik.

Ho er kontaktperson i Stadlandet grendahus, som arrangerer den populære samankomst i Korsen på Leikanger.

Suksess

For grendahuset er Korsadagen ei viktig inntektskjelde.

– Eg trur den betyr mykje for folk i bygda. Rømmegrauten står i sentrum, og så kan ein samlast og prate med folk.

Rundt 40 personar jobbar dugnad for å få dagen i stand.

– Og då tel eg ikkje med dei som lagar kake, svelerøre og sel lodd heile veka før. Og så har du dei tre som står på kjøkenet og kokar all grauten. Dei begynner dagen før med å koke ut rømma, og står frå klokka åtte om morgonen for å koke grauten laurdagen. Det er mykje folk i sving, og så har ein desse eldsjelene som alltid seier ja når du ringer.

I fjor vart Korsadagen innandørs grunna dårleg vêr.

– Det er klart at det kjem mykje meir folk når det er ute. Og så fekk vi litt dragkraft frå Sommaraktive Stadt og at folk nok er heime på grunn av det, seier Sundal Ervik.

På scena

Under Korsadagen var det også premiering for dei ulike konkurransane i Sommaraktive Stadt, arrangert av Stadlandet idrettslag.

– Det var god stemning! Stadlandet idrettslag vil takke alle som har vore med å hjelpt til med arrangementet gjennom desse ni dagane. Vi har hatt det veldig kjekt, seier Margareth Leivdal, leiar i idrettslaget.

– Eg er veldig imponert over bandet. Det svinga, for å seie det slik, seier Sundal Ervik.

Det var rundt 90 betalande på konserten på dagtid, og på dansen på grendahuset på kvelden var det rundt 170.

– Det var plass til fleire, men det var veldig god stemning og folk dansa, seier ho.