Gir panoramautsikt

Hornelen er den høgste sjøklippa i Nord-Europa med sine 860 stupbratte meter over havet. Fjellet byr på fantastisk panoramautsikt  over det varierte landskapet i regionen. Fjellet ligg heilt aust på Bremangerlandet og kan bestigast frå fleire kantar.

Frå kanten av den nær loddrette veggen kan ein sjå rett ned på båttrafikken gjennom Skatestraumen under.

Det segnomspunne fjellet er eitt av dei kjende «heksefjella» i fylket, der heksene samla seg jonsokafta og julenatta for å halde fest for fanden.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.