Serverer dei naturglade

For dei som ønskjer naturopplevingar er Barmen verdt eit besøk. Øya byr på fleire turmoglegheiter, mellom anna til Skjolden med 545 moh. Om ein blir svolten, vil Tove Måløy og Tor Ivar Østreng halde ope to dagar i veka på Barmøy gjestehus for god heimelaga mat.

Dei har restaurert eit gamalt våningshus og byr mellom anna på utleige av kanoar, fiskestenger og robåt i tillegg til matservering. Båtar og fiskeutstyr kan takast i bruk i Fjellvatnet, godt kjend for ferskvassfiske.

Øya Barmen har kring 30 fastbuande og kan nåast med ferje frå Barmsund eller eigen båt.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.