Tierbreaker

Ahead of the Curve

Elida Høgalmen

Jackbow

Don Wild

Baia Wolf

Death By Unga Bunga

Janove

Spidergrawd

Åge Aleksandersen & Sambandet

Frank Carter & The Rattlesnakes Biffy Clyro (UK)

Wardruna

Alan Walker

Mer om artistene

Tiebreaker

Malakoff Rockfestival sin omtale: Av og til kjem ein over band som minnar ein på kvifor ein først forelska seg i rock’n’roll. Nokon som briljerer i produksjonen og serverer reinspikka, spennande rock av prima kvalitet. Tiebreaker er nettopp eit slikt band og dei gjer det berre så herleg riktig!

Storslåtte rockharmoniar i kombinasjon med ein utforskande gitar og ei rockestemme på høgoktan, driv Tiebreaker opp på internasjonalt toppnivå. Høgt der oppe vert dei verande, og er ikkje verre enn at dei har fått tilnamnet ”Noregs beste nye rockeband”. Det er vanskeleg å ikkje tenke på Rival Sons når ein høyrer den hardtslåande, grove gitaren gaule om kapp med den skarpe og presise vokalisten. Og det seier litt om kvaliteten bandet leverer. For basert på lydbiletet og låtproduksjonen skulle ein tru at Tiebreaker var eit band frå djupaste bluesrockbygda i USA. Det heile høyrest så utruleg oppriktig og ekte ut, som at dei har reindyrka dette i fleire tiår. Ekstra artig er det då at gruppa består av ein gjeng unge karar frå Odda og fjordane i Hardanger!

Tiebreaker har hatt det travelt sidan starten, og jobba seg til toppstatus som liveband. Med hundrevis av konsertar sidan 2013 har bandet blitt særs skarpe både på scene og plate. Albumdebuten deira, We Come From The Mountains kom ut i 2014 og gav bandet svært gode kritikkar. Deira nyaste album ”Death Tunes” frå 2016 held like høg kok og foredlar den klassiske rock’n’roll’en dei er blitt kjende for, og sprutar av energi frå tidleg garasjerock. Sånt likar vi!

Med si skamlause oppskrift av eksplosiv, groovy rock’n’roll iblanda både blues- og progrock, syner Tiebreaker stadig at det er håp for den norske rockeframtida. Noko dei òg gjorde klinkande klart for publikum på Malakoff i 2016. Vi er ekstremt klare for gjensyn i sommar!

Ahead of the Curve

Malakoff Rockfestival sin omtale: Rockebandet Ahead Of The Curve vart starta i 2013, og er ein hardtsatsande gjeng frå Ålesund. Dei spelar beintøff hardrock med element frå hardcore, klassisk rock og grunge. Dei har vunne ein del bandkonkurransar i heimfylket, og vann mellom anna konkurransen om å spele på Jugendfest i 2014. Dei har opparbeida seg eit heilstøypt bandkonsept som let tøft både på plate og live. Til Jyplingscena kjem dei med tonnevis med spelelyst og tøffe eigenproduserte rockelåtar som vil få i gang rockefoten til publikum.

Elida Høgalmen

Malakoff Rockfestival sin omtale: Elida gir deg musikk som er både melankolsk og vár, og blandar element frå ulike stilartar. Dissonerande vokalloops, arabiske skalaer og særeigen vokal er stikkord. Målet hennar er å formidle alle nyansar av melankolien, frå det såre og lågmælte, til det store og intense. Elida har dei siste fem åra produsert store mengder musikk på soverommet. Men etter at ho i fjor endeleg gjorde sin første konsert i Bergen har det blitt mange scener både i Bergen og Oslo - blant anna på Eggstockfestivalen, Vill Vill Vest, 100 Dagar og Off:Larm. Ho har signert med plateselskap og gjeve ut to singlar.

Jackbow

Malakoff Rockfestival sin omtale: Rockebandet frå Nordfjordeid består av dei unge karane Andreas R Espelund (gitar), Håkon Henjesand Høydal (gitar), Peder Naustdal (vokal), Jacob Hagen (bass) og Sigurd Rønnekleiv (trommer). Jackbow er eit godt eksempel på korleis hard målbevist jobbing gjev resultat. Dei har kort fartstid som band, men etter ein kreativ øveperiode i den lokale rockeklubben Gymmen Scene og Studio er dei no klare for livespeling med mange råstilige rockelåtar. Dei gjekk nyleg vidare til landsfestivalen i UKM og gler seg veldig til å vise seg fram på årets Jyplingscene.

Don Wild

Malakoff Rockfestival sin omtale: Dette bandet byr på stemningsfull "Sing-along pop" med eit driv prega av både blues, rock og sjel i eit klassisk popformat. Bandet er sett saman av med fire karar som strålar speleglede og god kjemi på scena. Nyleg blei Don Wild utvalde til å spele under 100-dagars festivalen på Stord, og vart også hyra inn til å spele under "Festspillene i Bergen" i 2016. Fleire av singlane deira er mykje spelt på NRK og anbefalt på NRK Urørt. I spissen for bandet står Eivind Vilnes på gitar og vokal, saman med Jarle Haaland, Andreas Naustdal og Mats Halvorsen.

Baia Wolf

Malakoff Rockfestival sin omtale: Denne nystarta trioen er inspirert av grunge, indierock og punk. Bandet består av Vidar Seljen Melby frå Måløy, Jørgen Haugland frå Svelgen og Thea Steinmo Hernæs frå Oslo. Vidar og Jørgen gjekk på musikklina på Firda VGS, og har skrive låtar og spelt saman sidan 2010. Dei vart då godt kjend med Oslo-trommis, Thea, og Baia Wolf starta for fullt hausten 2016. Baia Wolf har alt spelt på scener som Hulen, Prøverommet, Kvarteret, Monday Night Live og Kronbar i Bergen, samt bransjetreffet Firdablest i regi av BRAK. Til hausten startar dei innspeling av sitt første album.

Death by Unga Bunga

Malakoff Rockfestival sin omtale: Verda! Hels på Death By Unga Bunga. Eit av verdas artigaste band, beståande av fem fyrar frå Noreg sin garasjerock-hovudstad, Moss. Med sine smittsame låtar, røffe riff og matchande breial vokal, utgjer DBUB gladrock på sitt aller beste!

Sidan garasjeporten vart opna i 2007 har Death by Unga Bunga spreitt sin energiske miks av garage, psykedelia og powerpop til eit stadig større publikum over heile den vestlege verda. Som ei ildkule har dei rastlaust besøkt by etter by, stad etter stad, men ingen fangar tekne undervegs. Å oppleve bandet live er noko ein aldri gløymer, ei oppleving som best beskrivast som å sørfe langhåra på ein rock n’ roll-tornado.

2016 var DBUBs mest produktive år til no. Dei gav ut sitt fjerde album, Pineapple Pizza, i mars, og 9. september slapp dei ein nyutgjeving av sitt debutalbum, Juvenile Jungle, samtidig som at dei slapp splitter nye låtar på EP-en Fight!. Tre utgjevingar på eit år skulle nesten tilseie at bandet kan gje seg nokre velfortente klapp på skulderen, men Mossegjengen har sjølvsagt ingen planar om settje ned tempoet med det fyrste.

Bandet har hinta heftig om ny musikk i 2017 òg, men no er det fyrst og fremst live-speling som står på agendaen. Dei har allereie rokke å vere på ein liten Noregsturné med label-kompisane i Kråkesølv, og dei er i skrivande stund ute på ein månads lang headliner-turné i USA, der dei skal reise kyst til kyst stappa inn i ein kompakt varebil. Og neste stopp på verdskartet; Malakoff!

Ikkje gå glipp av eit av Noregs absolutt beste liveband når dei no kjem til Nordfjordeid. Vi snakkar eit steintøft og morsomt liveband som utan tvil vil lokke fram rockefoten hjå Malakoffarane. Surf’s up, dudes!

Janove

Malakoff Rockfestival sin omtale: Han er ein av dei mest markante frontfigurane i nordisk samanheng, og etter ei lang og framgangsrik ferd som Kaizers-kaptein står jærbuen Janove framfor eit nytt kapittel. Med ny musikk på norsk og nye historier frå eit ferskt, men allereie spennande musikalsk univers. Dette lovar bra. Særs bra.

Orkesteret er ikkje med lenger, og sjølv om Janove med sin sterke karisma og stemme enkelt kunne bore musikken sin med strak arm, står han i godt selskap på scena. Til sitt nye prosjekt har han fått med seg ein stjernespekka kvartett, plukka frå øvste hylle. Her har vi Børge Fjordheim på trommer (Morten Abel, Cloroform, Sivert Høyem), Mattias Hellberg på gitar (Håkan Helstrøm, Soundtrack Of Our Lives), Micke Lohse på piano og orgel (Atomic Swing, Stefan Sundstrøm) og Gulleiv Wee på bass (The September When). For eit band!

Janove har gong på gong vist at han er ein massiv musikar som lagar stor musikk og enda større konsertopplevingar. Vi kan forvente oss fengande og groovy poprock, med tricks frå moderne rap, r’n’b og hip hop. Samtundes er det drivande rockerytmer, med stor variasjon i låtane. Med hittil berre få utgjevingar er vi allereie totalt overbevist, og med ny musikk i vente kan det berre gå éin veg. Janove klypper snora på Festivalscena på fredagen, og lista vert herved lagt skyhøgt. Janove e tebage!

Spidergawd

Malakoff Rockfestival sin omtale: Bluesrock-lokomotivet Spidergawd kjem peisande inn i øyra dine rett frå 70-talet. Det buldrar av groovy, klassisk rock og blues, med innslag av både progga riff og jazza blåsarar med eit enormt energinivå. Med seg i vogna har dei alle dei største rockheltane, med Lynyrd Skynyrd og Hendrix som fremste passasjerar i første klasse.

Dei har produsert tre enormt sterke album, og kjem med sitt fjerde i februar. Men sjølv om bandet er herleg på plate, er det i liveformatet dei briljerer aller mest. Bandet osar av kvalitet og sjangerleik, men er samstundes herleg hårete og rufsete. Dette er musikk som får pulsen til å stige og foten til å trampe taktfast.

Vi kan forvente oss råtøffe gitarriff, gåsehudframkallande saksofon og vokalprestasjonar som kjennest i ryggmargen. Spidergawd er tight, eksperimentell og potent rock’n’roll som treff alle dei rette strengane.

Åge Aleksandersen & Sambandet|

Malakoff Rockfestival sin omtale: Heile landets kjende og kjære ikon Åge Aleksandersen og rockekompaniet hans er klare for Malakoff!

Åge og Sambandet er tilbake i storform etter å ha fylt Royal Albert Hall med feststemte nordmenn, og no står Malakoff for tur. Garantistane for god stemning og høg allsangfaktor lagde eufori i 2007 då dei vitja Malakoff sist.

Åge har sidan slutten av 1960-åra vore ein av dei fremste representantar for norsk rockmusikk og er kjend som ein av skaperane av det herlege fenomenet «trønderrock», samt for sitt bidrag til å få norske tekstar akseptert i rockmusikken. Dei har berika liva våre med klassikarar som Levva Livet, Lys og Varme, Dains Me Dæ, Rio De Janeiro, Fire Pils Og En Pizza, Deksgutten, Eldorado, Rosalita og mange, mange fleire. Med utallige prisar og utmerkingar er Åge kanskje det største rockeikonet vi har her til lands, og det er lov å glede seg litt ekstra når Noreg sitt svar på «The Boss» står på plakaten.

Åge og gjengen har perfeksjonert livemusikk til folket gjennom 40 år på vegen og har neppe vore betre enn akkurat no. Det er ei verkeleg stor glede og ære å få ynskje sjølvaste Åge Aleksandersen & Sambandet velkomen til Malakoff17!

Frank Carter & The Rattlesnakes

Malakoff Rockfestival sin omtale: Frank Carter & The Rattlesnakes er ei overdose med rein energi, aggressivitet, musikalitet og kvalitetspunkrock med den tidlegare Gallows- og Pure Love-forsangeren i front.

Etter ein liten periode vekke frå det største rampelyset er Carter tilbake, sterkare enn nokon sinne, med sin personlege musikalske vendetta. Bandet er superaktuelle med det nye albumet Modern Ruin, som framkallar euforiske rockekjensler i Malakoffleiren. Vi meiner faktisk at Frank Carter og Co leverer den beste punkrocken frå øyriket akkurat no!

Gjer deg klar til ei intens live-oppleving med eit steinbra band og ein energisk vokalist som spelar kvar konsert som om det var deira siste.

Biffy Clyro

Malakoff Rockfestival sin omtale: Gigantane Biffy Clyro returnerer! Konserten deira på Malakoff i 2013 var eksepsjonell, og sidan den gong har bandet vakse seg både større og (om mogleg) enda betre. Under årets festival skal dei headline fredagen, og herlighet for ei oppleving vi har i vente!

Biffy Clyro er eit av dei absolutt tøffaste moderne rockebanda out there, og som så mange andre, vil vi påstå at dei kanskje til og med er verdas beste liveband. Høgt heng dei, men jaggu leverer dei òg. Vi gler oss heilt enormt til gjensyn med skottane som har servert publikum formidable liveopplevingar år etter år. Med sine nye og eldre hits er Biffy Clyro eit høgtflygande unikum som berre fortset å stige mot nye høgder. La oss nemne Many of Horror, Re-arrange, Bubbles, Wolves Of Winter, God & Satan, Mountains, The Captain, Medicine, Black Chandelier, Biblical – og vår eigen favoritt Accident Without Emergency. Kjenner du det kriblar? Det er herved klart for eit realt ballespark av ein konsert på Malakoff.

Hjarteleg velkomen tilbake, dykk vakre, fabelaktige rockeskottar!

Wardruna

Malakoff Rockfestival sin omtale: Vikingane invaderer Malakoff17! For lenge sidan herja vikingane på Nordfjordeid, og no kjem dei på nytt besøk. I år har vi booka bandet som har gjort norrøn kulturarv kjend for heile verda; Wardruna gjer ein eksklusiv avslutningskonsert i Amfiet på fredagen under Malkoff17!

Wardruna vart starta i 2002 av Einar Selvik (tidlegare trommis i Gorgoroth). I 2009 kom fyrste plata i  Runaljod-trilogien, og sidan då har dei sakte men sikkert etablert seg nasjonalt og internasjonalt som ein viktig formidlar av norsk og norrøn kulturarv. Wardruna har med sine musikalske tolkingar av gamle nordiske tradisjonar skapt seg ein stor tilhengarskare både her heime og i utlandet. Ved hjelp av Nordens eldste instrument, lydar frå naturen og songar forfatta på norsk, norrønt og urnordisk vev Wardruna eit storslått, visuelt lydbilde som tek deg med inn gamal norrøn kultur og visdom på ein heilt ny måte.

Bandet har spelt mange utselde show nedover i Europa og spelte nyleg to utselde konsertar på Sentrum Scene i Oslo i januar. I løpet av dei siste tre åra har Wardruna nådd eit stort publikum gjennom History Channel sin populære TV-serie ”Vikings”. Serien nyttar mykje av Wardruna sin musikk og Einar er i tillegg medkomponist av serien sin originale filmmusikk. Ved to høve har Einar til og med dukka opp på skjermen i ei gjesterolle som viking i Rollo og Ragnar Lodbrok si verd.

Gjer deg klar til ei særs spesiell og sjelsettande musikkoppleving som tek deg lokalt tilbake til år 870.  Her får du presentert majestetisk og magisk norrøn musikkhistorie i ei lita vestlandsbygd med solid historisk vikingætt. Det vert suggerande trommer, sakral fleirstemt song, vestlandsk sommarnatt, levande lys, vikingar på tokt og eit trollbunde malakoffpublikum! Wardruna er eit tidlaust og sjangerlaust musikkprosjekt som ikkje kan beskrivast – men rett og slett må opplevast.

Vikingane kjem atter ein gong til Nordfjordeid og du er hermed invitert!

Alan Walker

Malakoff Rockfestival sin omtale: Med grensesprengande verdshits og eit kolossalt show har publikum på Malakoff ei gigaoppleving i vente. Velkomen, Alan Walker!

Berre eit knapt år tilbake var DJen og produsenten frå Bergen ein ukjend kar for dei aller fleste, men i dag er ståda ganske så anleis. Med debutsingelen Faded skaut karriera fart mot den internasjonale stjernehimmelen og eit verdsfenomen vart til. Alan Walker er i dag ein heilt uverkeleg stor nettmagnet, og med enorme sjåar- og følgjartal på YouTube står Faded på øvste pall, med sine vanvittige 900 millionar (!) syningar. Til no har meir enn 9 millionar einingar av singelen blitt selt globalt, og låta har passert meir enn 1,3 milliardar avspelingar online. Jepp, milliardar. Og tala berre veks!

Her heime har den også blitt kjærleg omfamna, og vart i 2016 kåra som årets låt under Spellemann. Ein kan trygt seie at 2016 har vore eit eventyrleg år for den maskerte popmaskina, og Alan Walker har i løpet av året hevda seg på ei rekkje prisutdelingar, seinast i form av tildelingar på EBBA Awards, Cannes Lions, MTV European Music Awards og to nominasjonar til P3 Gull.

Alan Walker er ei stor stjerne som spelar over heile jordkula, og med hits som Faded, Sing Me to Sleep, Alone, og mange fleire, kan vi allereie kjenne høg temperatur i ei kokande publikumsmasse framfor hovudscena i sommar. Frysningar!