Bandet, der alle er medlemmane er frå Rugsund, var eitt av banda som spelte på familiekonserten på Iglandsvik i forbindelse med Bremanger Rockweekend i helga. Dei synest det er stas å få vise seg fram på ei scene.

– Det er ganske bra. Det gir motivasjon til å fortsetje å spele i band, seier Torine Storøy Bortne.

Det nystifta vokalensemblet i Bremanger baud også på musikk under familiekonserten.

Bandet, som består av Storøy Bortne, Hilde Gulliksen, Eirin Edvardsen og Preben Berg Langedal har spelt saman i snart eitt år. Dei deltok i UKM i vår og kom til fylkesmønstringa, og har fått fleire «spelejobbar» etter at dei var med i UKM.

– Eg trur også at det har med at vi ikkje bur i ein by. Eg trur ikkje vi hadde blitt lagt merke til på same måte, seier Eirin.

Til hausten forsvinn jentene i bandet for å gå på skule på Sandane.

– Vi vil fortsetje som band, og kome heim i helgane, seier Hilde Gulliksen.

Stemning i fjæra og fulle hus

Bremanger Rockweekend starta allereie med jam på torsdag og heldt fram med klubbkonsertar på Havly fredag og laurdag, før Kari Bremnes sette punktum for festivalhelga søndag i Bremangerhallen.

Medan jammen på torsdag begynte litt tamt, tok det seg opp utover helga. Klubbkonsertane fredag og laurdag kveld drog fulle hus.

Ekko var eitt av banda som spelte på familiekonserten laurdag på Iglandsvik.

– Det har gått aldeles strålande! Det var kjempestemning og flotte konsertar i god gamal Rockweekend-stil, seier leiar Hilde Hauge i Opplev Bremanger.

Dei trur at det nettopp er konseptet med klubbkonsertane som er deira «greie».

– Her er eit så enormt godt musikktilbod i fylket, og vi kan gå på det vi vil. Så det å kunne lage festival med fokus på klubbkonsertar med nærleik til publikum, då kan det bli spesielt. Det er jo kvalitet vi presenterer, meiner Hauge.

Søskena Mathea og Josefine Hauge song «Running with the wolves» av Aurora, med far Inge Willy Hauge på gitar.

Laurdag ettermiddag var det grillfest og familiekonsert blant sjøhusene på Iglandsvik, og arrangørane anslår at det var mellom 200 og 300 som fekk den med seg. I tillegg til Nemo, spelte sjumannsbandet Ekko, det nyoppretta Vokalensemblet i Bremanger, duoen Vilde og Nora, samt søskena Mathea og Josefine Hauge saman med far Inge Willy Hauge.

I tillegg gav Grøftekarane ein smakebit på kva ein fekk høyre på klubbkonserten på Havly laurdag kveld.

– Det var ein heilt magisk konsert, og mange kom langvegs frå for å få den med seg.

– Så vi har runda 1.000 besøkjande, og det er vi veldig tilfredse med, seier Hauge, som har ønska seg Bremnes til Bremanger i mange år.

Trivsel og bulyst

Roger Igland (f.v.), Norvall Klungresæter, Nina Grotle, Mary Jane Varpe og Hilde Hauge er nøgde med årets utgåve av Rockweekend.

Arrangørane som har stått bak Rockweekend dei siste tre tiåra, er opptekne av kvalitet på musikken, og det å skape auka bulyst.

– Fokuset for oss fem er å skape trivsel og bulyst for oss som bur her. Og så tenker vi også på rekruttering og framtidige sambygdingar, det å prøve å trekkje folk tilbake og vise at noko positivt skjer. Og så er det jo ein arena for oss å høyre den musikken vi likar, seier Hauge.

– Vi føler at vi får god oppslutning. Og det gir oss jo ei god kjensle på å fortsetje, seier Nina Grotle.