– Eg overnatta her på luftmadrass. Det var berre eg som låg her. Grunnen er at vi vil sikre oss den beste plassen, den vi hadde i fjor. Det er oppe på flata, om lag midt i campområdet, med kort veg til alt. Det er perfekt der, seier Prestvik.

– Eg tek ein for laget.

I sju-tida torsdag morgon fekk han selskap av Mats Sundsøy frå Kalvåg og Borgar Bjarkason frå Hauge i Bremanger.

Selt 27.500 billettar

Malakoff-campen blir omtalt som den største festivalcampen på Vestlandet med om lag 5.000 menneske innanfor gjerda rett ved sidan av festivalområdet.

Det ligg an til ei maks helg på campen med melding om sol og temperatur opp i 23 grader.

Mange nyansar: Fargane på banda varierer alt etter kva billett du har kjøpt, og kva område du skal ha tilgang til.

Då vi var innom køen torsdag føremiddag, var camp-folket byrja samle seg. Eit 20-tals ungdomar frå Stadlandet, Bremanger og Åheim var dei ivrigaste. Først klokka 13.00 byrja arrangøren sleppe folk inn.

For første gong er Malakoff utselt på førehand. Festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal stadfestar overfor Fjordenes Tidende at salstala er 12.000 dagsbillettar på fredag og laurdag og 3.500 i amfiet i går. Dermed er det allereie klart at det blir publikumsrekord med kring 27.500 for 15 årsjubilanten Malakoff.

Låg i telt utanfor

Litt bortanfor køen traff vi Andreas Hella frå Meland og Andreas Krossøy frå Sotra. Dei hadde lege i telt utanfor festivalområdet natt til torsdag, men var ikkje like ivrige etter å kome først inn.

I telt: Andreas Krossøy frå Sotra (i teltet) og Andreas Hella frå Meland campa like godt utanfor gjerde natt til torsdag.

– Vi var her i fjor også og likte oss godt. Vi er ein gjeng på fem kompisar, og kom til Eid onsdag kveld. Då vi kom, drog vi ned til sjøen og grilla. I 23-tida reiste vi opp hit og slo opp teltet, fortel Hella.

Mange fekk armband

I Eidsgata var det også byrja bli festivalstemning torsdag føremiddag. Folk kosa seg i sola på uterestaurantar, og boder med matsal av ulikt slag var komne opp. Utanfor Gamlebanken stod dei frivillige Benedicte Seim og Mette Liland og veksla inn billettar mot armband. Dei fortel at mange har valt å nytte seg av muligheita til å få armband på førehand slik at dei slepp køen ved inngangen.

– Vi stod her heile tysdag og det var 600 personar innom. Det blir sikkert like mange i dag, seier dei. Dei stod sju timar tysdag og skulle stå til klokka 15 torsdag.

Ville sleppe kø: Dei frivillige Benedicte Seim (nærast) og Mette Liland har stor pågang av folk som vil veksle billett med armband på førehand. Svein Are Orheim (nærast), John Ingvald Myklebust og Martin Hestenes nyttar seg av tilbodet.

– Vi skal stå her fredag også. Med tre frivilligvakter får vi gratis inngang på festivalen. Vi gjer unna det meste av dugnaden før festivalen startar, dermed får vi vere vanlege festivaldeltakarar også!