– No er det juli og det skulle vore fullt trykk hos oss, men på laurdag var det éin person som besøkte oss. Vi har kake og kaffi, utstillingar i tre hus og vi gir det heile, så etter ein slik dag tenker ein «kva er det vi held på med»? For vi er jo ikkje akkurat eit ungdomslag lenger, seier Kjell Stig Amdam i Atelier Amdam.

Han har drive galleriet i 20 år og har sjølv runda 76 år.

Etter ei tid i tenkeboksen har kunstnaren bestemt seg.

– Viss den riktige kjøparen melder seg, så har eg ingen betenkelegheiter med å selje, seier Amdam, som ser for seg at årets sesong blir den siste.

– Det er på ein måte livsverket mitt. Men eg er ikkje bunden av nokon ting, så eg kjem til å gå ut døra og føle ei lette, seier han og fortset:

– Eg vil gjerne overleve, og når kostnadene er større enn inntektene fordi publikum er borte, så kan eg ikkje halde på. Det er jo ei utfordring for Selje, når ein tenker på alt vi hadde her før. Dette er endå eit tilbod som forsvinn.

Hotellbrann

Brannen på Selje Hotel i november har saman med det dårlege sommarvêret ført til ein dårleg sesong for galleriet.

Han peikar vidare på jobben med å vedlikehalde eigedomen og fryktar meir eigedomsskatt.

– Eg er livredd for meir eigedomsskatt. Den kjem jo på toppen av alle dei andre utgiftene.

Tre mål og sju hus

Amdam har enno ikkje fått takst på hus og eigedom.

– Det var jo berre rullestein og eit steingjerde då vi kom hit. Alt er bygd av inntekta frå mine bilde. Eg er smerteleg klar over at vi er bak månen og i hutaheiti. Store hus får jo ikkje nokon god pris her, så eg trur det må kome nokon utanfrå. Eg kjenner til nokon som har sagt at dersom eg nokon gong sel, må eg kontakte dei, og det kjem eg til å gjere.

– Det er jo ein hyggeleg fritidseigedom, så det er mogleg å bu her. Og så følgjer det jo med eit kapell. Det er også ein næringsdel her, så ein kan lage paraplyfabrikk her, smiler han.