Lokale heltar imponerte då Banda Baia Wolf med måløyværingen Vidar Seljen Melby i spissen og eidabandet Jackbow inntok Jyplingscena.

Spesielt Jackbow knalla til då dei fekk sjansen til å vise seg fram på SommarLutt-scena under Malakoff Rockfestival fredag ettermiddag.

Den som markerte seg mest var Jackbow-vokalist Peder Naustdal som totalt ubeskjeden leverte eit forrykande Mick Jagger-inspirert sceneshow.

Etterpå kunngjorde han at «Vi skal blæste verda, og vi begynne i dag!».

Han kunne vidare opplyse at han skal begynne i 10.-klasse til hausten.

Jackbow stakk også av med talentprisen under SommarLutt. Det betyr 15.000 kroner til ungdommane i bandet.

– Det betyr veldig mykje for oss. Det er heilt fantastisk. No får vi gjere mykje meir og spele inn songar. Dette er eit stort steg for oss, seier vokalisten Peder Naustdal til NRK.

Artistane som var plukka ut til å spele på Jyplingscena i år var: Elida Høgalmen frå Oldedalen, Jackbow frå Nordfjordeid, Don Wild frå Askvoll og Baia Wolf frå Svelgen/Måløy.

Malakoff Rockfestival-saker: