– Klart vi må på Malakoff. Det er jo ikkje så mykje anna som skjer her i området, så dette er eit høgdepunkt, konkluderer kameratane Odd Johan Raudøy og Kristoffer Sjåstad frå Stadlandet. Dei sit utanfor teltet og tek livet med ro. Det er varmt, godt og ikkje minst tørt.

Malakoff-campen byrjar bli ein god tradisjon for mange. Vi vitja både Måløy-campen og Bremanger-campen. I måløymiljøet var det folk som hadde vore på Malakoff-camp i 12 år.

Rockeburger og thaimat

– Det er fleire måløycampar, men vår er hovudcampen, konkluderer gjengen med 20 ungdomar frå Måløy og Deknepollen som hadde funne seg teltplassar heilt inne ved gjerdet ned mot elva.

– Vi kom torsdag og har sett opp 13 telt. Det er kjempemessig. Vi blir her heilt til søndag.

– Korleis er det med hygienen på campen?

– Vi kan dusje i klubbhuset på Eid stadion. Elles blir det våtserviettar og bading i Eidselva. Det blir kattevask og antibac, seier dei.

I matvegen er dei heller ikkje veldig avanserte. Det går i rockeburger og det som er råd å få kjøpe i ulike buder i sentrum.

– Vi må prøve det som er av kulnariske opplevingar, som til dømes thaimat!

Tek søndagen som han kjem

På Bremangercampen meir midt i festivalområdet var dei endå fleire.

– Vi blir nok 30-40 stykke når alle er på plass.

– Kva synes de om at festivalen er utvida til tre dagar?

– Det er ikkje anna enn positivt. Då blir det fest ein dag lenger!

– Kva med søndagen då?

– Søndagen tek vi som han kjem, konkluderer gjengen frå Ytre Bremanger.

Rivalisering

I måløymiljøet er det mykje snakk om bremangercampen, og omvendt.

– Det er rivalisering. Eitt år tok dei plassen vår, det var ikkje populært. Men i år har vi ein kar som har flytta til Måløy, han infiltrerer miljøet, får vi vite på bremangercampen.

Festivalfolket kosa seg både på den offisielle festivalcampen og meir uoffisielle stader i sentrumsområda der dei overnatta. Nede ved osen av Eidselva var det hektisk badeaktivitet. Mykje folk frå Sunnfjord hadde sett opp campingvogner ved Felleskjøpet og det var reine rivierastemninga i sjøkanten.