Unike fjordlandskap

Nærøyfjorden er ein av dei mest dramatiske fjordane i verda, og er på sitt smalaste berre 250 meter. Ønskjer ein å oppleve vill og vakker natur, gardar som klamrar seg til fjellsidene, fossefall og fjell som strekker  seg 1.761 meter over havet, er det  verdt å ta seg ein tur til fjorden.

Saman med Geirangerfjorden, er Nærøyfjorden på UNESCO si verdsarvliste. Inst i den 17 kilometer lange fjorden finn ein Gudvangen, som er ei populær cruisehamn. Der kan ein mellom anna besøke vikinglandsbyen eller dei kvite grottene i anortositt  fjellet.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.