– Stilig. Overraskande. Heilt sjukt! seier dei to eidajentene Vilde Hjelle og Anna Naustdal då Fjordenes Tidende snakkar med dei etter konserten på Malakoff laurdag.

Etter sigeren i MGPjr med songen Vestlandet har dei oppnådd enorm popularitet, og mellom klokka to og tre laurdag ettermiddag på Malakoff Rockfestival strøymde folk til for å sjå og høyre. Dette var det store høgdepunktet for borna under årets Malakoff.

Born går gratis inn, og det er vanskeleg å talfeste nøyaktig kor mange som var til stades, men Malakoff-sjef og far til Anna, Arnt-Ivar Naustdal, anslår at publikumstalet var nærmare 10.000. Det er i så fall det største publikummet Vilde og Anna har spelt for.

Vart gira

– Vi trudde kanskje det kom 2.000 sidan vi var dei første som skulle spele. Men så kom vi på scena og såg at det stod fullt av folk heilt bak til baren, seier Vilde (14).

– Kva tenkte de då de såg folkemengda?

– Då vart vi ekstra gira. Det var kjempekjekt, fastslår Anna (13).

Dei har sjølv vore faste blant Malakoff-publikummet dei siste åra.

– Det er veldig rart. Plutseleg står vi på same scene som Karpe Diem, Alan Walker og Ane Brun.

– Vi var ekstra nervøse sidan det er så mange vi kjenner her, seier dei etter konserten.

Vilde og Anna har ifølgje Arnt-Ivar Naustdal fullt program vidare heilt til oktober med festivalspeling i Sarpsborg, Molde og Mo i Rana. Dei skal også opptre under sykkel-VM i Bergen, i tillegg til eit anna stort oppdrag i Bergen med det første.

Avslutning for Indigo Child

Også eit anna eidaband, Indigo Child, stod på plakaten.

Indigo Child har hatt eit samarbeid med Vilde og Anna heilt sidan dei stod på same scene under MGPjr-finalen i Oslo Spektrum. Dei samspelte også under konserten på Malakoff.

– Vi ser på dette som ein flott måte å avslutte eit fantastisk år på, seier Maren Holmgren (t.v.) i Indigo Child.

Vokalist Maren Holmgren i Indigo Child seier bandet ser på konserten som ei slags avslutning, sidan bandmedlemmene no blir spreidd. Sjølv dreg ho til Liverpool for å gå på Liverpool Institute for Performing Arts (LIPA).

– Vi går ulike vegar denne hausten, og konserten her markerte ein slags ende. Det var veldig kjekt å avslutte på ein slik måte, med så mykje publikum på ei så stor scene, seier ho.

– Vi kjem sikkert til å spele samen og kanskje gi ut låtar, men det blir upraktisk å spele fast saman i band når folk er spreidd i Trondheim, Liverpool og på Eid, seier ho.

Holmgren satsar som vokalist, og seier ambisjonane med Liverpool-studiane er ei solokarriere.

– Målet no er å kome tilbake til Malakoff som soloartist!

Fem talentfulle band konkurrerte også om SommarLutt-prisen under årets Malakoff, men det blei dei yngste på scena, Jackbow frå Nordfjordeid, som stakk av med den.

– Aldri før har så mange sett talentkonserten NRK SommarLutt frå Malakoff si Jyplingscene. Godt over 1.000 personar var på plass framfor scena midt i sentrum av Nordfjordeid, skriv Stian Sjursen Takle i NRK i ei pressemelding.

– Vi er stolte av å få lov til å vise fram så mange unge dyktige talent. Ungdom som viser at dei har ambisjonar, vilje og talent. Kvaliteten på konserten viste at vi har mykje å glede oss til framover, seier han.

Vinn festivalpass til Malakoff Rockfestival 2018! Alt du treng å gjere for å delta er å merke bilda dine med #fjtno på Instagram. Hugs at du må ha open profil for at vi skal kunne sjå bilda dine. Du kan også sende bilda til fjt@fjt.no. Siste frist for å delta i fotokonkurransen er onsdag 26. juli.