Storslått helgenanlegg

Selja kloster- og helgenanlegg ligg på øya Selja, og er eitt av dei best bevarte anlegga i landet. Her kan ein vandre blant ruinar og fordjupe seg i historien om Sankta Sunniva.

Ifølgje legenden blei kongedottera, som var på flukt frå vikingar, og som kom i land på Selja, gravlagt i eit steinras på øya. Ho blei funnen uskadd, og blei seinare gjort til vernehelgen for Vestlandet.

Det går to daglege guida turar frå Selje frå 12. juni til 13. august. Før og etter er det ein dagleg tur laurdagar og søndagar.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.