Fiskekaker med røykt hyse og ramsløk

Dette treng du:

  • 700 g fiskefilet av hyse

  • 100 g røykt hyse i småterningar

  • 2 ts. salt

  • 1 egg

  • 2 ms potetmjøl

  • 2 dl mjølk

  • 2 dl fløyte

  • ½ ts. pepar

  • 2 ts. ramsløk, finkutta eller puré frå glas

Slik lagar du fiskekakene:

Pass på at alle ingrediensane er kalde. Skjer fisken i bitar og køyr den i ei kjøkkenmaskin saman med salt. Tilsett potetmjøl og egg, spe med kald mjølk og fløyte. Ha i krydder og ramsløk. Elt saman. Ha i terningar med røykt hyse for hand. Steik fiskekakene i olje/smør til dei får ei fin steikeskorpe. Ettersteik i omnen i 5 minutt ved 175 °C.

Eit smakfullt alternativ er å bruke hysekakene som fiskeburger, då servert i burgerbrød med krema råkostsalat og steikte potetbåtar til. Eller du kan servere dei med stua rotgrønsaker i kvit saus. alle

Kvit saus:

  • 30 g smør

  • 30 g mjøl

  • ½ l mjølk

  • Salt og pepar

Smelt smøret og bland inn mjølet, fres dette til det får ein lys farge. Spe i mjølka mens du rører godt. Kok opp sausen i 10 minutt før du smakar til med salt og pepar. Bland ferdig kokte rotgrønsaker i sausen før servering.

Tips: Prøv hysekake som fiskeburger, med burgerbrød, krema råkostsalat og steikte potetbåtar, eller server med stua rotgrønsaker, poteter og kvit saus.

Salat med panerte torskekjakar

Dette treng du:

  • 700–800 g torskekjakar

  • 3 dl pankomjøl, eller strøkavring

  • 2 egg

Slik lagar du torskekjakane:

Kjakane er reint beinfritt fiskekjøt, som kan minne litt om skaldyr i konsistensen. Vi reknar om lag 180 gram på ein vaksen person. Start med å skylje kjakane i kaldt vatn og tørk dei med kjøkenpapir. Nokre av kjakane kan ha ei kvit hinne hengande att, desse kan du skjære vekk. Legg kjakane i grovt salt i ti minutt, før du skyl dei på nytt, og tørk dei med kjøkenpapir.

Panerte torskekjakar smakar nydeleg om du serverer med salat, dressing og gode grønsaker. Ein perfekt lunsj for ein varm sommardag.

Panering: Visp egga lett i ein bolle. Ha mjøl i ein annan bolle, og pankomjøl eller strøkavring i ein tredje. Dypp kjakane i mjøl, så i egg og til slutt i panko. Klapp lett på kjakane slik at paneringa sit godt på. Legg dei klare på eit brett med bakepapir. Smelt smør og litt olje i ei god romsleg panne på litt over middels varme. Steik kjakane 3–4 minutt på kvar side. Server kjakane med salat, ønska dressing og gode grønsaker

Fiskesuppe

  • Dette treng du (8 personar):

  • 2 sjalottløk

  • 800 g fiskefilet, utan skinn og bein

  • 180 g smør

  • 180 g mjøl

  • 3 l fiskekraft (sjå oppskrift under)

  • 2 dl crème fraîche

  • 2 dl fløyte

  • 3 gulrøter

  • 4 sellerirotskiver

  • 1 purreløk i strimlar

  • 2 dl pilla reker

  • Salt, pepar og litt sukker

  • Kvitvinseddik til smak

Fiskesuppe er ein klassikar som kan serverast i dei fleste samanhengar. Og det kan sjå riktig så bra ut om den blir laga på denne måten.

Slik lagar du fiskesuppa:

Fres finhakka løk i smør til den er blank. Rør inn kveitemjøl og spe med varm fiskekraft. Kok i 10 minutt. Tilsett crème fraîche og fløyte, kok opp og la suppa trekke utan lok i 10 minutt. Tilsett fisk i terningar og grønsakene som er kutta i strimlar, kok opp, smak til med salt, pepar, kvitvinseddik og sukker. Dryss over reker og finhakka purreløk før servering.

Fiskekraft

Dette treng du:

  • 2 kg fiskeavskjer

  • 1/4 purre + 1/2 løk

  • 30 g sellerirot

  • 1 stk. laurbærblad

  • 1 ts. heil sort pepar + 2 ss salt

  • Vatn

Om du har avskjer, for eksempel eit kjakelaust torskehovud, kan du lage fiskekraft som gir deg eit strålande utgangspunkt for ei fiskesuppe.

Slik lagar du fiskekraft:

Skyl fiskeavskjeret/fisken godt. Fjern blodrand og gjeller. Skyl grønsakene og del dei i store bitar. Legg fisk, grønsaker, laurbærblad, salt og pepar i ei kasserolle, og fyll deretter med kaldt vatn til det så vidt dekker. Kok opp og la det stå å trekke i 20–30 minutt. Fjern skum som dannar seg på toppen. Sil krafta. Ønskjer du ein kraftigare smak på krafta, eller at den tek mindre plass i fryseboksen, kan ein koke den inn. Det vil seie at du lar krafta fosskoke til mengda er halvert.

Tips: Denne fiskekrafta kan du bruke til all type kvitfisk.