Men med dette meiner ikkje den utflytta Silda-dama at ein skal sjukmelde seg frå jobb.

– Nei, for å kunne ta styring i eige liv må ein finne roa, og dette kan ein gjere ved hjelp av timeouts. Å gå ein tur sakte eller berre puste godt kan vere til god hjelp, seier gründaren.

Les meir om «Likestilt» her.

Førtiniåringen bur i Bergen og starta i januar opp sitt eige kurskonsept, Work Life Balance, med mål om å bidra til positive endringsprosessar.

– Eg fann ut at eg har masse kompetanse, både fagleg og erfaringar, som eg ville pakke inn og dele med folk, fortel ho.

No held ho kurs for både bedrifter og privatpersonar.

– Kursa handlar om god kommunikasjon, både med seg sjølv og andre. Eksempel er stresshandtering og det å gi faktaorienterte tilbakemeldingar på jobb og heime, forklarar ho.

Wik Silden forklarar at ho jobba i forsikringsbransjen i over 20 år, før ho sa opp i 2010.

– Eg ville jobbe meir med menneske, og tok kurs slik at eg kunne begynne med karriererådgiving, fortel gründeren.

Tre år seinare endra livet til Merete seg drastisk på ein annan måte då ho fekk påvist ein stor svulst i nervesystemet. Ho måtte mellom anna lære seg å gå på nytt.

– Det har blitt ein veldig viktig historie fordi den enda så bra, fortel den positive dama.

Ho seier at ho gjennom utdanninga si som kommunikolog hadde alle verktøy ho trengde for å takle sjukdomen på ein god måte.

– Eg visste kva eg skulle gjere og pusta meg gjennom det. Dette gjorde det også enklare for familien min, påpeiker ho.

Balanse er nøkkelen

Wik Silden meiner det meste sit i hovudet, og understrekar samanhengen mellom kropp og psykisk helse.

– Etter at eg var sjuk har eg fått mange venner med ulike funksjonshemmingar. Ingen av dei ser på seg sjølv som sjuke, og det å ha den mentaliteten er ufatteleg viktig, fortel ho.

Wik Silden fortel at ho ser mykje av dei same utfordringane uavhengig av kvar ho held kursforedrag.

– Ein må sjå heilskapleg på livet for å finne ein balanse. Vi er på heile døgnet, og ofte er det å stoppe opp og få spegla seg sjølv det som skal til for å ta styringa tilbake, meiner ho.

– Dersom alt er kaotisk og ein har tre ballar i lufta samtidig kan det vere nyttig å ta eit steg tilbake, påpeiker Wik Silden.

Beundrar kystkvinnene

Merete flytta frå Måløy for godt i 1993, men best ro finn ho likevel på Silda der ho vaks opp.

– Å dra på fisketur med snekka mi «Flyt» i dette opne landskapet er heilt fantastisk.

Wik Silden trur at oppveksten på Silda i stor grad har forma henne som person, noko som òg har gitt inspirasjon til kurskonseptet hennar.

– Det gjer noko med ein å vekse opp med slike naturkrefter. Det er så avsides, samtidig som vi har vore sentrale i utviklinga. Ein blir veldig sjølvstendig, og det er tøffe folk som kjem her ifrå. Vi har alltid klart oss sjølv og hjelpt kvarandre.

Ho fortel at ho særleg beundrar kystkvinnene.

– Då mannfolka var på fiske måtte kvinnene ta i eit tak, og i mine auge har folket her vore utruleg likestilte på den måten, understrekar ho og fortel samtidig at ein av kursseriane heiter «dra i same retning – med skuldrene nede».

– Eg har fått veldig god respons frå fleire kundar. No planlegg eg eit eller to kurs heime i Måløy i slutten av august. Det blir veldig spennande, avsluttar ho.