(Foto: Finn Loftesnes)

Foto: Finn Loftesnes

Havsalt sommar:

Besøk ei av dei best bevarte stavkyrkjene

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.
Særmerkt kyrkje

Ei av dei mest særmerkte og best bevarte av dei totalt 28 stavkyrkjene i landet er Borgund stavkyrke. Kyrkja, som ein finn i Lærdal, er bygd i 1180. Den karakteristiske utsjånaden med sponkledning, svalgang, drakehovud, tak over tak, kross på mønekammane og takrytter med spir har blitt brukt som førebilde ved andre stavkyrkjerestaureringar.

Besøkssenter med utstilling om stavkyrkjene sin innverknad på det religiøse livet og vikinghistoria, ligg like ved.  Kyrkja er lokalisert ved Vindhellavegen, ein del av Kongevegen over Filefjell.

I Luster finn ein Urnes stavkyrkje, unik for treskjæringsarbeida, ei av Norges eldste, og den einaste på UNESCO si verdsarvliste.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå