Aktivitetar høgt og lågt

Rogier van Oorschot i Norway Adventures legg til rette for aktivitetar til fjells og til havs med kajakkturar, havkajakkurs og teambygging. Oorschot har base på Davik og skreddarsyr program for grupper og bedrifter eller for enkeltpersonar. Det kan vere fjellturar, kanopadling, fiske, segling og klatring i vill og vakker kystnatur. Han organiserer også turar med full forpleiing og overnatting i til dømes lavvo, telt eller rorbuer, og legg til rette for kokkekurs.

I sommar startar han med kulinariske kajakk- og sykkelturar langs Nordfjord, i første omgang eit vekesopphald med prøveturar. I sommar står han også for sommarcamp, camp adventures, for barn dei to første vekene i skuleferien. Dette blir i Hjelmelandsdalen og i samarbeid med Klenkarberget Sommarcamp i Eid.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.