(Foto: Siri Kolseth)

Foto: Siri Kolseth

Havsalt sommar:

Populær besøksgard

Her får du tips om kva du kan gjere som turist i vår eigen region.

Populær besøksgard

Ønskjer ein ei dyrisk oppleving kan ein ta turen til Hakallegarden på Hakallestranda. Her får ein mellom anna møte alpakka, kyr, hauglandsfe, hest, esel, grisar, geitekillingar og lam. Ein kan også få seg ein ridetur, leike på leikeplassen eller i plaskedammen for barn.

Om vêret ikkje viser seg frå si beste side blir det aktivitetar innandørs, både riding eller det å helse på dyra. Om ein blir svolten kan ein blant anna få seg ein kortreist burgar inne på garden.

Aina og Olav Moldskred Krakset driv den fargerike garden som held ope dagleg frå 16. juni til 20. august. Elles er det ope laurdagar og søndagar.

Her kan du lese meir om alt det fantastiske du kan oppleve i vår region, i Fjordenes Tidende sitt eige reiselivsmagasin Havsalt sommar.

Meir å lese på Fjordenes Tidende:
 
Leses nå